Forsiden UiO Det humanistiske fakultet Institutt for musikkvitenskap
print logo

Huskonsertar

Konsertane blir haldne i Salen, i underetasje 1 i ZEB-bygget onsdagar kl. 12:45.

Alle er hjarteleg velkomne!

Bilde

Datoar våren 2012

  • 29. februar - rytmisk

 

  • 7. mars - rytmisk
  • 14. mars - klassisk
  • 21. mars - rytmisk
  • 28. mars - rytmisk

 

  • 11. april - klassisk
  • 18. april - rytmisk
  • 25. april - klassisk

 

  • 2. mai - rytmisk og klassisk

I tillegg blir det arrangert ein huskonsert på kveldstid i samarbeid med Programutvalget - dato blir annonsert på nyåret.

 

For deg som skal delta på huskonsert

Huskonsertane finn stad i Salen, ZEB, onsdagar kl 12.45, lydprøver frå kl 11.30. Vi reknar ca 7-8 musikkinnslag pr huskonsert.

Alle studentar som får undervisning i hovudinstrument ved instituttet, skal delta på minst éin huskonsert kvart semester, og er sjølv ansvarlege for å melde seg på. Studentane kan opptre som solistar eller i gruppe på hovudinstrumentet sitt. Andre konsertar på universitetet utanom tradisjonell huskonserttid, t.d. ”lunsjkonsertar” i Georg Sverdrups hus, speleoppdrag eller kveldsarrangement ved IMV eller andre institutt, blir godkjende som deltaking i huskonsert. Konsertar som inngår i andre emne, gjeld ikkje som deltaking i huskonsert.

Påmeldingsfrist våren 2012: fredag 17. februar

Dette føreset at alle på utøvande emne ( MUS1121 Utøvande 1, MUS2160 Utøvande 3 og MUS4260 Utøvande M) må ha meldt seg på til ein huskonsert våren 2012 innan fristen, for å få emnet godkjent. Bruk elektronisk påmeldingsskjema, og hugs å skrive inn ein alternativ dato for deltaking i huskonsert. Spelar du i ei gruppe, held det at éin i gruppa melder seg på.

Ved spørsmål som gjeld huskonsertane – ta kontakt med Anne Eline Riisnæs

Frist for å melde inn program, namn på alle medspelarar samt utstyrsbehov er seinast fredag kl 12 i veka før du har meldt deg på.

Meld deg på her

Publisert 5. sep. 2008 17:19 - Sist endret 6. jan. 2012 15:57