Masterstipend til to spennande prosjekt

MultiLings masterstipend 2014 gjekk til dei spennande masterprosjekta til Ragni Vik Johnsen og Anne-Sofie Pollestad. MultiLing gratulerer!

Ragni Vik Johnsen har fått stipend for å arbeide med masteroppgåva Forståelse av norsk med utenlandsk aksent blant norskspråklige ungdommer, som skal vere ferdig våren 2015. Ho er masterstudent i nordisk språk ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Rettleiar er Unn Røyneland.

Anne-Sofie Pollestad skriv masteroppgåve om Undervisningsmateriell i den grunnleggende lese- og skriveopplæringen ('alfabetisering') for voksne innvandrere med liten eller ingen skolebakgrunn og skriftkyndighet. Ho er masterstudent i norsk som andrespråk ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, og har Anne Golden og Else Ryen som rettleiarar. Oppgåva skal leverast hausten 2014.

MultiLing deler årleg ut to masterstipend à kr. 15.000,-. Nye masterstipend vert lyste ut i mai 2015. Søknadane vert vurderte på grunnlag av den faglege kvaliteten til masterprosjektet, karakterar og tilrådinga frå rettleiar.

Ragni Vik Johnsen. Foto: privat

Anne-Sofie Pollestad. Foto: privat

Av Mari C. R. Otnes
Publisert 8. sep. 2014 22:08 - Sist endret 26. juni 2015 14:09