Forsiden UiO Det humanistiske fakultet
print logo

Låner stemme til Xiaobo

- Ei stor ære og eit spesielt høve, seier professor Halvor Eifring om å formidle Nobel fredsprisseremonien på kinesisk.


	Professor Halvor Eifring ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk. ( Foto: Hans T. Wiig)

Professor Halvor Eifring ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk. ( Foto: Hans T. Wiig)

Når Nobels fredspris blir delt ut fredag 10. desember, er det professor Halvor Eifring som skal gjere seremonien forståeleg for dei kinesisktalande gjestene. Han skal lese Jaglands tale på kinesisk. Og han skal lese talen frå prisvinnaren, Liu Xiaobo.

– Høvet gjer dette oppdraget spesielt, seier Eifring, som er stolt over å bli spurt av Nobelkomiteen om å gjere jobben.

Større interesse for Kina

Eifring er ein av fire professorar som forskar på Kina, såkalla sinologar, på Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Oslo (UiO). Miljøet består i tillegg av ein timelærar og fleire doktorgradsstipendiatar. I tillegg studerer kring 60 kinesisk ved HF.

Oppdraget i samband med Nobels fredsprisutdelinga er ikkje Eifrings første bekjentskap med den kinesiske menneskerettsforkjemparen, Liu Xiaobo. I 1988 var Xiaobo i Noreg som gjest ved Universitetet i Oslo i tre månader. Også ved dette høvet tolka Eifring Xiaobo, då han heldt føredrag for offentlegheita. Då var Eifring stipendiat.

– Den gongen visste vi ikkje om det som skulle skje året etter på Den himmelske freds plass, eller om Nobels fredspris.

Talen Eifring skal lese på vegne av Xiaobo på seremonien i Rådhuset fredag 10. desember er eigentleg ein artikkel. Ifølge Eifring er den basert på forsvarstala Xiaobo held i samband med rettsaka, som altså endte med fengselsstraffa han no sonar.

Fryktar ikkje konsekvensar

Som sinolog og forskar er Eifring avhengig av å kome nær studieobjektet sitt, Kina. Han er ikkje redd for at rolla under fredsprisutdelinga skal øydeleggje for høve til å kome inn i landet. Og vonar å halde fram med å dra til Kina om lag ein gong i året, slik han gjer no.

– Som forskar er ein heilt avhengig av å ha kontakt med Kina og kinesisk kultur, og med kinesiske akademikarar. Ein treng å oppdaterast, ikkje minst fordi Kina er eit samfunn som endrar seg raskt, fortel Eifring.

– Sidan eg byrja å forske på Kina er alt snudd på hovudet – kulturelt, politisk og økonomisk.

Han fortel at då han var i landet første gong, i 1985, kunne han den gongen merke restane etter Maos kulturrevolusjon.

– Landet var lukka, folk var varsame med kva dei sa og mykje fattigare enn i dag. Tilgangen på materielle ting og kultur frå andre delar av verda var mykje meir avgrensa.

Sidan den gongen har landet opna seg. Og kinesisk kultur og språk har fått eit større publikum, som ein også ser på auken i talet på studentar som søkjer seg til kinesisk ved HF.

– Kina er blitt ein del av verda, også for unge.

Av Hans T. Wiig - informasjonskonsulent HF
Publisert 8. des. 2010 14:14 - Sist endret 8. des. 2010 22:37