Ph.d.-kandidat

Fridomen eg fekk til å utforske fag på HF gjorde at eg såg dei større samanhengane, og var starten på prosjektet eg jobbar med i dag, seier Sigrid Kleiva-Gramstad. Hun er Ph.d.-kandidat i russisk utenrikspolitikk ved University College London.

Sigrid Kleiva-Gramstad (foto: Eivind Hauger)

Kva er dei viktigaste oppgåvene i arbeidet ditt?

- MPhil/PhD-programmet ved UCL er treårig og korleis det leggjast opp varierer frå prosjekt til prosjekt. Tittelen på mitt prosjekt er: « The West as an Other in Orientation and Decision Making: Russian Foreign Policy in Putin’s Second Term». I år har eg drive feltarbeid, der eg har reist til Russland og relevante vesteuropeiske land for å gjere eliteintervju, som er feltarbeidet mitt. Det siste året i graden min skal nyttast til å ferdigstille kapitla og avhandlinga som heilskap i tillegg til å reise på og presentere på relevante konferanser innan fagfeltet mitt.

Eg har også undervist også ved UCL i sovjetisk og russisk utanrikspolitikk og russisk politikk og samfunn. Men hovudoppgåvene mine kan på mange måtar oppsummerast i fire ord: lese, tenkje, forske og skrive.

- Kva likar du best med arbeidet ditt?

- Det å ha høve til å bruke tre-fire år på eit prosjekt, å setje seg djupt inn i ei problemstilling og forsøke å svare på denne er noko eg set utruleg stor pris på. Eg ser på meg sjølv som veldig heldig, både som er motivert til å gjere dette og som har høve til det. Å kunne gjere dette innan eit av dei beste fagmiljøa innan austeuropastudier i verda er noko som gjer arbeidet ekstra givande. Ikkje berre er det eit stort fagmiljø blant dei akademisk tilsette, men å også ha eit akademisk studentmiljø blant PhD-kandidatane er veldig positivt.

Det eg likevel likar best er prosjektet eg held på med, som eg har veldig eigarskapsforhold til og som eg er veldig interessert i. Det å kontinuerlig bli utfordra, å heile tida måtte tenkje framover og vere kritisk og søkande er utruleg inspirerande.

- Korleis brukar du utdanninga fra HF?

- Noko av det positive med Universitet i Oslo er kor fritt spelerom ein har for å utforske forskjellige fag på Bachelor-nivå. I ein del andre land er bachelorgrader ofte meir straumlinjeforma. Eg trur fridomen eg fekk på emneval då eg tok bachelorgraden min er ein av grunnane til at starta å sjå større samanhengar på eiga hand. På mange måtar var det på HF at prosjektet mitt starta. Det var der interessa mi for koplinga mellom identitet og politikk i Russland byrja, og det var der eg verkeleg byrja tenkje på identitet generelt sett.

Opphaveleg tenkte eg å gå over til historie på mastergraden min, men eg valte istaden å halde fram innan Russlandsstudier på masteren min ved UCL og fokuserte på russisk politikk og utanrikspolitikk i tillegg til russisk filosofi. Det er grunnlaget eg fekk ved HF som gjorde at eg såg den koplinga då eg starta på masteren min og som vidare førte til at eg ville forske på denne samanhengen mellom identitet og utanrikspolitikk under Putin i ein doktorgrad.

- Det beste rådet du kan gje ferske studentar om jobbutsikter etter studia?

- Eg trur det er viktig å ha fleire tankar i hovudet når ein tenkjer på jobb etter studia. For det første er det viktig å gjere noko ein likar. Dersom ein ikkje har interesse for faget sitt er det lite sannsynleg at ein kjem til å få gode resultat. Likevel er det viktig å tenkje på kva ein vil gjere etterpå, å ha eit slags mål for kva ein vil. Hugs at det mest sannsynleg er mange andre som har det same målet som deg, så eg vil råde studentar til å ikkje spesialisere seg så mykje at ein ikkje er kvalifiserte for andre jobbar. Arbeidslivet er i endring i heile Europa og det er naivt å tru at ikkje det vil bli vanskelegare å få jobb i Noreg også etterkvart.

Det andre poenget er derfor å alltid tenkje på mange alternative bransjer og jobbar i hovudet når ein planlegg framover. Til slutt vil eg nemne kor viktig erfaring er for å få seg jobb. Uansett om ein vil bli forskar, starte eigen bedrift eller jobbe i stat og kommune er det viktig både med tidlegare jobberfaring og organisasjonserfaring. Det er CV-en din som skil deg ut frå mengda, det er den som seier noko om deg. Karakterane dine er viktige, men til sjuande og sist er det mange som kjem til å dei same karakterar og dei same fagsamansetjingane. Erfaringa di er ofte det som gjer at det er nettopp du som får jobben du vil ha.

Av Torunn Nyland, arbeidslivskoordinator HF
Publisert 28. apr. 2017 10:21 - Sist endret 5. okt. 2017 12:35