Politisk rådgjevar

HF gav meg unik researchkompetanse og lærte meg å formidle kompliserte samanhengar, fortel historikar Lars Rottem Krangnes, som arbeider som rådgjevar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar.

Lars Rottem Krangnes

- Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

- Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er ein sentral ungdoms- og frivilligheitspolitisk aktør. Som politisk rådgjevar har eg tett kontakt med politikarar, embetsverk og ei rekkje ungdomsorganisasjonar, jobbar med faglegpolitiske rapportar, med presse og kommunikasjon – og held kurs.
  
- Kva likar du best med jobben?

- Å jobbe med politikkutvikling og oppleve at vi får gjennomslag, at arbeidet vårt gjer ein forskjell for det unge sivilsamfunnet i Noreg. Prosjektleiarerfaring og engasjerte, dyktige kollegaer er andre bonusar!  

- Kva har du hatt best nytte av i jobben av det du lærte på HF?

- På HF fekk eg unik researchkompetanse og lærte å formidle kompliserte samanhengar gjennom engasjerande og lettfattelege, men fagleg solide tekstar. Det har eg bruk for kvar einaste dag. 

- Kva er det beste rådet du kan gje ferske studentar om jobbutsikter etter studia?

- Ver aktiv i organisasjonslivet, også utanfor Blindern! Då får du kontaktar og erfaring som er avgjerande for raskare å få ein relevant jobb.

Av Torunn Nyland, arbeidslivskoordinator HF
Publisert 28. apr. 2017 10:21 - Sist endret 6. okt. 2017 11:38