Nettsider med emneord «dyrtid»

Publisert 15. nov. 2012 13:15

Dei siste dagane har befolkninga i Jordan protestert mot prisauke på drivstoff, annonsert av statsminister Abdullah Ensour tysdag 13. november. Sidan me kom hit har me sett små og store protestar mot ulike utfordringar som folk har fått dei siste åra. I slutten av august og starten av september var det ei tilsvarande protestbølgje, men demonstrasjonane fekk ikkje det omfanget dei har no.