Bjørn Olav Utvik

Independence and Development in the Name of God: The Economic Discourse of Egypt's Islamist Opposition 1984-90

Doktorand: Bjørn Olav Utvik
Sted: Universitetets gamle festsal
Tidspunkt: 26.02.2000, kl. 10.15
Melding:
Cand.philol. Bjørn Olav Utvik fremstiller seg for graden doctor artium

Prøveforelesninger fredag 25.02.2000, Auditorium 3, Sophus Bugges hus, Blindern:
kl. 17.15-18.00: "Religious Revivalism in 19th Century Norway and 20th Century Egypt: A
Critique of Fundamentalism Studies" (selvvalgt emne).
kl. 18.15-19.00: Oppgitt emne (kunngjøres 11.02.00).


Disputas lørdag 26.02., kl. 10.15 i Universitetets gamle festsal.

De ordinære opponenter er:
Professor Roger Owen, Harvard University (førsteopponent),
Dr. François Burgat, Centre Français d'Etudes Yemenites (annenopponent).
Professor Rex Sean O'Fahey er tredje medlem av bedømmelseskomiteen.

Disputasen ledes av prodekan, førsteamanuensis Christopher Prescott.

Pressemelding:

Med islam for modernisering

Forestillinga om "islamsk fundamentalisme" som ein reaksjon mot modernisering, får seg eit skot for baugen i ei fersk doktoravhandling ved Universitetet i Oslo.
Dei islamistiske rørslene som dominerer opposisjonen mot dei sitjande regima i den arabiske verda må langt på veg sjåast som ei moderniserande kraft.

Bjørn Olav Utvik har i avhandlinga si analysert kva dei to viktigaste islamistiske rørslene i Egypt meiner om økonomiske spørsmål. På grunnlag av eit omfattande materiale syner han korleis islamistane primært er opptatt av å sikra uavhengighet og økonomisk utvikling. Dei ønsker berre i mindre grad å innretta samfunn og økonomi etter spesifikke religiøse dogmer. Islamistane ser på økonomisk utvikling som ein religiøs dyd med forrang foran til dømes islams tradisjonelle renteforbod.

Utvik syner korleis islamismen på den eine sida spring ut av reaksjon mot utanlandsk kulturell, politisk og økonomisk dominans. Men på den andre finst det eit sterkt ønske frå ein ny utdanningselite med religiøs bakgrunn om å fremja rask utvikling under "from disiplin". Islamistane understreker at muslimane må halda fast på sin religiøse identitet. Men samstundes presenterer dei islams bodskap på ein måte som er godt tilpassa det å fremja økonomisk utvikling. I den sterke vekta som blir lagt på arbeid som eit guddommeleg kall er det klare parallellar til protestantisk arbeidsmoral. Islamistane framhevar også at politikk og økonomi må styrast etter objektive kriterium og ikkje etter familieband og patron-klient-relasjonar.

Appellen til islam handlar mest om val av symbolord og retorisk stil, medan det er vanskeleg å peika på spesifikke islamske element i islamistanes økonomiske program. Dette leier Utvik til å hevda at religionen for islamistane tener først og fremst som ein kjelde til politisk legitimitet og symbolsk ankerfeste for moralsk opprusting og samfunnssolidaritet. Sjølv om avhandlinga dreier seg om Egypt, meiner Utvik det bildet han gir har stor gyldighet også i den vidare muslimske verda.

Så langt beholdningen rekker kan avhandlingen fås ved henvendelse til kontorsjef Edle Stang, Institutt for østeuropeiske og orientalske studier, Niels Treschows hus, 11.etg., tlf. 228/56979, e-post: edle.stang@east.uio.no.

For mer informasjon, kontakt: vibeke.rosenberg@hf.uio.no
Signatur: Vibeke Rosenberg

Publisert 6. mars 2006 15:03 - Sist endret 10. apr. 2011 12:34