English version of this page

Vurdering og innstilling

Fylgjande tre hovudkomponentar inngår i doktorgradane ved fakultetet: ei avhandling, ei prøveførelesing (for dr.philos to) og ein offentleg disputas. For at ein kandidat skal kunne tildelast doktorgrad må komiteen finna alle komponentane tilfredsstillande.

Avhandlinga

Komiteen som vurderer avhandlinga skal gje ei innstilling til avhandlinga.

Det er ynskjeleg at komiteen kjem fram til ei sams uttaling, men ved dissensar kan det bli nødvendig med separate innstillingar. Komiteen bør så langt som råd gje innstillinga ei generell og kortfatta form. Positive innstillingar bør være på 1-2 sider, negative innstillingar på 2-3 sider.

Sjølv om komiteen konkluderer med at arbeidet ikkje bør godkjennast, kan komiteen tilrå ei omarbeiding av avhandlinga. Dette skal det i så fall opplysast om særskilt. Dersom komiteen meiner det er nødvendig med djuptgripande endringar vedrørande teori, hypotese, materiale og/eller metode for at arbeidet skal kunne godkjennast, bør derimot komiteen ikkje tilrå innlevering av same avhandling i omarbeida versjon for ny vurdering.

Av innstillinga bør det klart gå fram korleis komiteen har vurdert fylgjande spørsmål:

  • Er problemstillingane og hypotesane klare og presist nok formulert?
  • Er problemstillingane og hypotesane fruktbare ut frå forskingssituasjonen?
  • I kva grad er materialet det vert vist til og metodane som vert nytta tenelege for formålet?
  • Er dei konklusjonane blitt trekt som materialet tillet, og held dei mål?
  • Er handsaminga av relevant litteratur tilfredstillande?
  • Er framstillingsforma, disposisjonen og det vitskapelege apparatet tilfredsstillande?

Uttalinga bør gje ein heilskapeleg presentasjon av arbeidet. I presentasjonen bør det positive ved avhandlinga omtalast slik at ein òg får inntrykk av dette. Innstillinga bør avsluttast med ein klar konklusjon, anten om denne tilrår godkjenning eller ikkje. Konklusjonen må samsvara med premissane som kjem forut i innstillinga.

Prøveførelesinga(ne)

Alle kandidatar skal halda prøveførelesing over eit emne som vert fastsett av komiteen. Emnet vert kunngjort for doktoranden 10 arbeidsdagar før førelesinga. Temaet bør hentast frå det fagområdet som doktorgradsarbeidet til kandidatens spring ut av, men ikkje frå dei mest sentrale problemstillingane. Dr.philos kandidatar skal i tillegg halda ei førelesing over eit sjølvvald emne.

Formålet med prøveførelesinga(ne) er at kandidaten skal dokumentera evne til formidling av forskingsbasert kunnskap. I vurderinga av prøveførelesinga skal både det faglege innhaldet og evne til formidling vektleggast. Nivået for denne førelesinga skal være slik at det passar for studentane ved fakultetet.

Disputasen

Disputasen vert leia av dekanen eller ein person som er utnemnd av dekanen. Kven som skal vera fyrste og andre opponent vert avgjort i komiteen. Fyrste opponent innleiar diskusjonen og andre opponent avsluttar disputasen. Opponentane bør på førehand ha avtalt kva problemområde kvar av dei skal ta opp.

Disputasen skal være ein fagleg diskusjon mellom opponentar og doktorand vedrørande problemformuleringar, metodisk og teoretisk grunnlag, dokumentasjon og framstillingsform. Det bør leggast spesiell vekt på å få etterprøvd kor vidt viktige konklusjonar som doktoranden har trekt i arbeidet sitt held mål. Dei problemstillingane som opponentane vel å fylgje, treng ikkje vera avgrensa til dei som er omtalt i komitéinnstillinga. Det er viktig at opponentane òg framhevar dei positive sidene ved avhandlinga i opposisjonen sin. Forma på diskusjonen bør, så langt det er råd, vera slik at dei som ikkje har lest avhandlinga eller kjenner fagfeltet inngåande kan fylgja diskusjonen.

Publisert 26. mai 2015 09:24 - Sist endret 8. okt. 2018 12:57