Instruks for disputasleiar (ph.d)

Disputasleiaren har ansvaret for å rettleia doktoranden og komiteen om prosedyrane i samband med prøveførelesing og disputas. I nokre tilfelle kan det vera ynskjeleg å avvika frå dei generelle prosedyrane. Dette kan disputasleiaren avgjera i kvart einskild tilfelle.

Før disputasen

Disputasleiaren møter doktoranden og komiteen 15-20 min. før disputasen byrjar, eller til lunsj dersom disputasen byrjar 13.15. Disputasleiaren informerer om prosedyrane og set tidsrammer for innlegga i samråd med doktoranden og opponentane.

Disputasleiar bør høyra om doktoranden kjenner til nokon opponentar ex auditorio og om doktoranden ynskjer å halda ein kort takketale etter at andre opponent er ferdig med innlegget sitt.

Under disputasen

Disputasleiaren innleier disputasen med ein kort introduksjon av doktoranden og doktoravhandlinga før doktoranden tek plass ved talarstolen.

Når doktoranden er ferdig med innleiinga si, introduserer disputasleiaren fyrste opponent.

Når fyrste opponent er ferdig med opposisjonen sin, gjev disputasleiaren melding om pause ståande frå sin plass.

Etter pause gjev disputasleiar melding om at opponentar ex auditorio kan melda seg. Dei skal i så fall få ordet etter andre opponent.

Disputasleiar introduserer andre opponent.

Dersom doktoranden ynskjer å takka tek ho eller han ordet direkte etter andre opponent er ferdig med opposisjonen sin. Disputasleiaren avsluttar disputasen.

Disputasleiaren bør gripa inn dersom:

  • opponentane overskrid tidsramma med meir enn ti min. (fem minutt for ex auditorio-opponentar)
  • opponentane ikkje gjev doktoranden høve til å komme til orde
  • språkbruken klart overskrid rimeleg skikk og bruk
  • publikum uroar disputasen

Prosedyrer for disputas (ph.d.)

Etter disputasen

Det er vanleg at disputasleiaren er den fyrste som går bort og ynskjer doktoranden til lykke.

Innberetninga frå prøveførelesing og disputas

Disputasleiaren må sjå til at komiteen skriv under dei nødvendige dokumenta før dei går. Innberetninga frå prøveførelesinga og disputasen skal snarast mogeleg leverast til fakultetssekretariatet. Eit eige ark med namn og stilling på ex auditorio opponentane skal leggjast ved rapporten.

Sosial markering

Dersom disputasen byrjar 13.15, kan det vera aktuelt å møta doktoranden, komiteen og rettleiaren til lunsj kl 12.00. Dersom disputasen byrjar kl 9.15, kan det vera aktuelt med lunsj like etter at disputasen er avslutta.

Dersom det er aktuelt å delta på doktormiddag er det vanleg at disputasleiaren held ein tale.

Publisert 27. mai 2015 21:11 - Sist endret 6. jan. 2016 12:54