Prosedyre ved disputas og prøveførelesingar for dr.philos.-kandidatar

Oversikt over gangen i prøveførelesing og disputas når kandidaten framstiller seg for dr.philos-graden

Prøveførelesinga

Prøveførelesingane finn vanlegvis stad torsdag frå kl 16.15. til 18.00. Fyrst held kandidaten førelesinga over det sjølvvalde emne (16.15-17.00) og så over det oppgitte emne (17.15-18.00). Komitéadministratoren eller styraren ved instituttet/grunneininga presenterer kort doktoranden.

Disputasen

Disputasen finn vanlegvis stad fredag frå kl 9.15 eller frå kl 13.15, og skal normalt haldast innanfor ei tidsramme på tre og ein halv time.

Gangen i disputasen (Tidsrammene i parentes er rettleiande):

  • Prosesjon inn i auditoriet. Doktoranden går fyrst, deretter fyrste opponent, andre opponent, tredje medlem av komiteen og disputasleiaren til slutt (plasseringa sjå under).
  • Disputasleiaren held ei kort innleiing.
  • Doktoranden presenterer avhandlinga og gjer greie for føremålet med og resultata av den vitskapelege undersøkinga. (ca 20 min.)
  • Fyrste ordinære opponent held sin opposisjon. (ca 60 min.)
  • Prosesjon ut av auditoriet
  • Pause (ca 15-30 min.)
  • Prosesjon inn i auditoriet
  • Andre ordinære opponent held sin opposisjon. (ca 60 min.) 
  • Eventuelle opponentar ex. auditorio held sine opposisjonar (maks. 10 min. kvar)

Spesielt for Gamle festsal
Samling i Møtesalen ved sida av Gamle festsal 15-20 min. før disputasen byrjar. Etter prosesjonen set dei fire fyrste i fylgjet til stolane som er sett fram, doktoranden lengst til høgre. Disputasleiaren går opp til kateteret. Folk set seg. Disputasleiaren held innleiinga. Disputasleiaren går ned til plassen sin under kateteret. Doktoranden går opp på talarstolen frå den andre kanten. Opponentane tek plass ved kateteret rett imot etter tur.

Spesielt for auditorium i Georg Sverdrups hus
Samling i personalkantina i andre etasje 15-20 min. før disputasen byrjar. Etter prosesjonen går dei fire fyrste i fylgjet til stolane som er sett fram, doktoranden i midten. Disputasleiaren går opp bak skrivebordet. Folk set seg. Disputasleiaren held innleiinga. Disputasleiaren set seg. Doktoranden går til talarstolen til høgre for disputasleiar. Opponentane tek plass ved talarstolen til venstre etter tur.

Spesielt for auditorium i Helga Engs hus
Samling utanfor auditoriet 15-20 min. før disputasen byrjar. Etter prosesjonen set dei fire fyrste i fylgjet seg midt på første rad, doktoranden i midten. Disputasleiaren går opp bak det faste kateteret i midten av podiet. Folk set seg. Disputasleiaren held innleiinga. Disputasleiaren set seg. Doktoranden går til talarstolen ved det fase kateteret. Opponentane tek plass ved talarstolen til venstre for publikum etter tur.

Sosial markering
Fakultetet betaler lunsj for doktorand, disputasleiar, komité og rettleiar før eller etter disputasen dersom det er ynskje om det. Grunneininga tingar lunsjen.

Dersom doktoranden ynskjer det, kan ho eller han invitera til doktormiddag om kvelden etter disputasen. Dette har vore ein vanleg skikk i fleire miljø ved fakultetet, men her står doktoranden heilt fritt. Dersom doktoranden tilhøyrer eit miljø der det kjennes riktig å ha ei slik sosial markering, er det doktoranden sjølv som har ansvaret for invitasjonane.
 

Publisert 26. mai 2015 09:25 - Sist endret 6. jan. 2016 12:54