English version of this page

Prosedyrar ved førelesing og disputas - ph.d.

Ein norsk ph.d-disputas er ei seremoniell og formell hending, men også ein festdag, som fylgjer strenge prosedyrar. Den vert vanlegvis følgd av ein sosial feiring, eller  ein doktormiddag viss kandidaten ynskjer det.

Prøveførelesinga

Den som leier prøveførelesinga (vanlegvis instituttleiar, komiteadministrator eller disputasleiar) ønske velkommen til prøveførelesinga, introduserer kandidaten, og leiar eventuelle spørsmål og diskusjon etterpå. 

Prøveførelesinga skal ta 45 minutt, ikkje meir, og ikkje særleg mindre. Kandidaten må sjølv ta stilling til om vedkomande ønsker å bruke disse minutta sjølv, eller om kandidaten føretrekker å halde på i ca. 40 minutt og opne for spørsmål dei siste fem minutta.

Føremålet med prøveførelesinga er at kandidaten skal vise evne til å formidle forskningsbasert kunnskap, siktet inn mot målgruppa viderekomne studentar i faget (minst 1 års bakgrunn). I vurderinga av prøveførelesinga vil det bli lagt vekt både på det faglege innhaldet og på evnen til å formidle.

Prøveførelesinga skal være bestått før ein kan halde fram med disputas (jf. Forskrift for graden philosophiae doctor §18.1)

Disputasen

Disputasen finn vanlegvis stad fredag frå kl 9.15 eller frå kl 13.15, og skal normalt haldast innanfor ei tidsramme på tre og ein halv time.

Gangen i disputasen (Tidsrammene i parentes er rettleiande):

  • Prosesjon inn i auditoriet. Doktoranden går fyrst, deretter fyrste opponent, andre opponent, tredje medlem av komiteen og disputasleiaren til slutt (plasseringa sjå under).
  • Disputasleiaren held ei kort innleiing
  • Doktoranden presenterer avhandlinga si og gjer greie for føremålet med og resultata av den vitskapelege undersøkinga (ca 20 min.).
  • Fyrste ordinære opponent held sin opposisjon (ca 60 min.)
  • Prosesjon ut av auditoriet
  • Pause (ca. 15-30 min.)
  • Prosesjon inn i auditoriet
  • Andre ordinære opponent held sin opposisjon. (ca 60 min.)
  • Eventuelle opponentar ex. auditorio held sine opposisjonar (maks. 10 min. kvar)

Både prøveforelesing og disputas skal være bestått før kandidaten kan få tildelt diplom og kreeres.

Spesielt for Gamle festsal
Samling i Møtesalen ved sida av Gamle festsal 15-20 min. før disputasen byrjar. Etter prosesjonen set dei fire fyrste i fylgjet til stolane som er sett fram, doktoranden lengst til høgre. Disputasleiaren går opp til kateteret. Folk set seg. Disputasleiaren held innleiinga. Disputasleiaren går ned til plassen sin under kateteret. Doktoranden går opp på talarstolen frå den andre kanten. Opponentane tek plass ved kateteret rett imot etter tur.

Spesielt for auditorium i Georg Sverdrups hus
Samling i personalkantina i andre etasje 15-20 min. før disputasen byrjar. Etter prosesjonen går dei fire fyrste i fylgjet til stolane som er sett fram, doktoranden i midten. Disputasleiaren går opp bak skrivebordet. Folk set seg. Disputasleiaren held innleiinga. Disputasleiaren set seg. Doktoranden går til talarstolen til høgre for disputasleiar. Opponentane tek plass ved talarstolen til venstre etter tur.

Spesielt for auditorium i Helga Engs hus
Samling utanfor auditoriet 15-20 min. før disputasen byrjar. Etter prosesjonen set dei fire fyrste i fylgjet seg midt på første rad, doktoranden i midten. Disputasleiaren går opp bak det faste kateteret i midten av podiet. Folk set seg. Disputasleiaren held innleiinga. Disputasleiaren set seg. Doktoranden går til talarstolen ved det fase kateteret. Opponentane tek plass ved talarstolen til venstre for publikum etter tur.

For andre lokale
Ved disputas i andre lokale enn dei nemnde møtast komiteen (1.opponent, 2. opponent og administrator), disputasleiar og doktorand rett utanfor rommet der disputasen skal finne stad 15 min. før disputasen byrjar.

Sosial markering
Instituttet betaler og tingar lunsj for doktorand, disputasleiar, komité og rettleiar før eller etter disputasen dersom det er ynskje om det.

Dersom doktoranden ynskjer det, kan ho eller han invitera til doktormiddag. Dette har vore ein vanleg skikk i fleire miljø ved fakultetet, men her står doktoranden heilt fritt. Dersom doktoranden tilhøyrer eit miljø der det kjennes riktig å ha ei slik sosial markering, er det doktoranden sjølv som har ansvaret for invitasjonane.
 

Publisert 26. mai 2015 09:25 - Sist endret 12. okt. 2018 15:28