Disputas: Britane ville gjera Noreg og Sverige til krigsskodeplass

Cand.philol. Trond Spurkeland  ved Institutt for arkeologi, konservering og historie vil forsvare sin avhandling for graden doctor philosophiae (dr. philos.): Skandinavia som krigsteater? Noreg og Sverige i den britiske krigsstrategien frå 3. september 1939 til 8. april 1940

Bildet kan inneholde: Hår, Ansikt, Panne, Hode, Hake.

Trond Spurkeland

I avhandlinga si hevdar Trond Spurkeland at Storbritannia frå 22. desember 1939 av ønskte å gjera Noreg og Sverige til den avgjerande allierte krigsskodeplassen, ved å provosera Tyskland til å engasjera seg militært på nordflanken sin. (Eit krigsteater eller ein krigsskodeplass er det landområdet der krigshandling skjer eller der ein reknar med at krig er nært føreståande.)

- Det grunnleggjande nye både i relasjon til norsk og internasjonal historieforsking er på den eine sida at eg freistar å dokumentera eller sannsynleggjera at denne strategien óg stod ved lag etter Moskva-freden mellom Finland og Sovjetunionen 12./13. mars 1940 - altså fram til 8. april 1940, då britane la miner i norske territorialfarvatn. For det andre analyserer og tematiserer eg dei britiske sabotasje- og åtaksplanane mot dei svenske jarnmalmutskipingshamnene Luleå og Oxelösund, mot dei nordsvenske jarnmalmgruvene og det nordsvenske jarnbanenettet, og mot den tyske malmtrafikken i Bottenvika. Desse planane utgjorde integrerte bestanddelar i dei britiske Skandinavia-planane frå krigsutbrotet til midten av juni 1940, og  er lite påakta i den faghistoriske litteraturen. Og for det tredje gir eg ei utførleg framstilling og ein detaljert analyse av den britiske operasjonsplanlegginga retta mot Noreg og Sverige frå årsskiftet 1939-1940 og fram til 8. april 1940.

I følgje Spurkeland vert det i både norsk og internasjonal historieforsking gjennomgåande hevda at det britiske krigskabinettet ikkje på noko tidspunkt mellom 3. september 1939 og 8. april 1940, medvite sikta mot å gjera Noreg og Sverige til krigsskodeplass. Det var det berre franskmennene som gjekk inn for, heiter det.

- Avhandlinga mi dokumenterer at britane i tida mellom 22. og 31. desember 1939 knesette ein strategi som ekspliseitt tok sikte på å provosera Tyskland til splitta opp styrkane sine, ved at tyskarane måtte senda hærstyrkar til Noreg og/eller Sverige, med det resultatet at Noreg og Sverige ville bli trekte inn i krigen på alliert side. Dette var det full semje om i krigskabinettet og den øvste militære leiinga - Chiefs of Staff Committee. Usemja mellom marineminister Churchill på den eine sida og statsminister Chamberlain og utanriksminister Halifax på hi, handla ikkje om mål, men om middel (taktiske framgangsliner): Medan Churchill frå slutten av desember 1930 gjekk inn for ein firefasestrategi, føretrekte Chamberlain og Halifax ein einfasestrategi: den store planen, held Spurkeland fram.

Britane meinte dei skulle greia å koma Tyskland i forkjøpet i Skandinavia. Ved å etablera eit krigsteater i Noreg og Sverige,  vona dei allierte både å hindra at Tyskland i overskodeleg framtid gjekk til åtak på vestfronten (på Storbritannia og Frankrike) eller på Balkan, samstundes som dei då sette bom for den tyske jarnmalmimporten frå Sverige. Det sistenemnde ville i følgje britane resultera i at den tyske krigs- og stålindustrien ville gå i stå, og at den europeiske krigen som ei følgje av det ville vera over i laupet av eit år.
 
Spurkeland har analysert og fortolka eit omfattande arkivmateriale i det britiske riksarkivet - The National Archives: møtereferat; memorandum; telegram; krigsdagbøker; strategisk-operative førearbeid; operasjonsplanar; kampordrar; instruksar; osb. Det mest sentrale kjeldematerialet er referata frå møta i det britiske krigskabinettet, og særleg dei konfidensielle delane; utgreiingar og memorandum frå dei militære sjefane; og operasjonsplanleggingsdokument i hæren sin generalstab - War Office/Directorate of Military Operations.

The National Archives inneheld ein omfangsrik korrespondanse mellom det britiske utanriksdepartementet -Foreign Office - og utanriksdepartementa i Noreg og Sverige.
 
– Denne korrespondansen har saman med ymse dokumentsamlingar vore eit tilstrekkeleg grunnlag til å beskriva og analysera korleis dei to skandinaviske regjeringane ved viktige krossvegar forheldt seg til britiske utspel og framstøytar, seier Spurkeland.

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 21. august 2014, kl. 16.15, auditorium 2, Georg Sverdrups hus, Blindern

16.15 - 17.00 Selvvalgt emne: "Dei allierte Kaukasus-planane (Operation "Pike") frå januar til april 1940. Med hovudvekta på det britiske strategiske nivået"

17.15 - 18:00 Oppgitt emne: "Forskinga om andre verdskrig i Noreg – tradisjonar og perspektiv"

Bedømmelseskomité

  • Professor Øystein Sørensen, Universitetet i Oslo (andreopponent)
  • Professor Bo Stråth, University of Helsinki (førsteopponent)
  • Professor Finn Erhard Johannessen, Universitetet i Oslo (administrator)

Leder av disputas

Professor Tor Egil Førland

Arrangør

Institutt for arkeologi, konservering og historie v/Erlend Kristiansen Haavardsholm
Publisert 7. des. 2020 14:36 - Sist endret 11. des. 2020 14:30