Disputas: Kor nazistisk vart norsk politi under andre verdskrig?

Master Øystein Hetland ved Institutt for arkeologi, konservering og historie vil forsvare avhandlinga si for graden philosophiae doctor (ph.d.): In the Shadow of the SS : Three Norwegian Police Districts 1940 – 1945.

Øystein Hetland

Kvifor arresterte norsk politi så mange jødar og andre utpeikte fiendar av nazismen? Kvifor var 40 prosent av politiet med i nazipartiet Nasjonal Samling i 1945? Kva slags motstand kunne og ville norske politifolk yta?

Norsk politi har ei brokete historie frå okkupasjonsåra. I 2012 ønska statsminister Jens Stoltenberg å offisielt be om orsaking for at så mange norske jødar vart arresterte av norsk politi. Dette var langt frå einaste flekken på politiet sitt rulleblad frå krigsåra: Lærarar, politiske motstandarar og mange andre vart nemleg òg i løpet av krigen arresterte av norske politifolk.

Men kvifor enda norsk politi opp der? Øystein Hetland si undersøking av politi i Stavanger, Ålesund og Skien viser at norsk politi vart utsett for eit kraftfullt forsøk på å gjera det til eit effektivt nazistisk verkty. Mange middel vart tekne i bruk: Press, fordelar for nazistar, propaganda og rekruttering. Resultatet var blanda. Norsk politi vart aldri eit korps kor alle ønska eit nazistisk Noreg. Men terror mot motstandarar, intern splid og personleg veikskap øydela evna til saman å stå opp mot rettsstridige ordrar. Ordrenektarar kunne oppleva at dei vart fjerna, mens ordren likevel vart utført av kollegaer. Trass alt dette ga likevel nokre politifolk viktig hjelp til utpeikte fiendar av nazismen, blant dei òg jødar.

Krigen sette med andre ord politifolk på enorme moralske og personlege prøver. Dei meistra desse på svært ulikt vis, med store konsekvensar både for dei sjølv og andre.

 

Øystein Hetland gjennomførte ein vellukka disputas 6. oktober 2020.

Prøveforelesning

Oppgitt emne: «Foreign Rule in Wartime Europe: A comparative analysis of occupation regimes, 1938-45».

Vurderingskomite

  • Professor Kim Priemel, Universitetet i Oslo (administrator)

  • Professor Hallvard Tjelmeland, Universitetet i Tromsø (førsteopponent)

  • Professor Tatjana Tönsmeyer, Bergische Universität Wuppertal (andreopponent)

Leiar av disputas

Instituttleder Tor Egil Førland

Rettleiarar

Emneord: Disputaser ved HF, Doktorgradsstipendiat
Publisert 21. sep. 2020 13:31 - Sist endret 5. feb. 2021 12:49