Disputas: Klosterets rolle i tibetansk buddhistiske samfunn

Cand.philol. Astrid Hovden ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Between village and monastery: a historical ethnography of a Tibetan Buddhist community in north-western Nepal

Astrid Hovden

Astrid Hovden har forska på forholdet mellom religiøse og sekulære institusjonar i Limi, i Humla-distriktet i det nordvestlege hjørnet av Nepal. Limi består av tre fjell-landsbyar med kvar sine tilhøyrande kloster som ligg langs gamle pilgrims- og handelsruter til det heilage Kailash fjellet i Tibet. Religiøse tradisjonar er godt bevart, og det tusen år gamle Rinchen Ling klosteret i Limi, er eitt av få gjenverande kloster frå den andre spreiinga av buddhismen i Tibet.

Klosterinstitusjonen har hatt eit stort omfang i tibetansk buddhistiske samfunn, og dermed vesentleg innverknad på sosial organisering, økonomi og lovgiving. Men tibetansk buddhistiske kloster har som oftast blitt studert som atskilt frå resten av samfunnet, og vi veit lite om korleis dei faktisk har fungert i lokalsamfunna. Ved å foreta ei analytisk relokalisering av klostera til kvardagslivet til munkar og lekfolk ønsker Hovden å bidra til ei meir nyansert forståing av institusjonens ulike roller og korleis desse har utvikla og endra seg opp gjennom historia.

Avhandlinga undersøker klosterets rolle gjennom ein analyse av fire interrelaterte tema: sosial organisasjon, lokalt styresett, klosterrekruttering og klosterøkonomi. Med hovudvekt på perspektivet til lokale aktørar diskuterer Hovden korleis desse fire domena har endra seg i takt og utakt med sosioøkonomiske, religiøse og politiske endringsprosessar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Metodologisk baserer avhandlinga seg på ein kombinasjon av langvarig etnografisk feltarbeid, supplert med studie av historiske kjelder og administrative dokument. Dokumenta er skrivne for hand på klassisk tibetansk ispedd lokalt vokabular. Slike tekstar har ofte blitt ignorert i etnografiske studiar i Tibet og Himalaya, dels på grunn av at dei kan vere vanskeleg å få tilgang til, og dels på grunn av språklege barrierar. Men ei kopling av etnografisk og historisk materiale er viktig for å få ei heilskapleg forståing av samfunnsutviklinga.

Historiske linjer er trekte heilt tilbake til tusenårsskiftet, men hovudvekta i avhandlinga er lagt på hendingar frå slutten av attenhundretalet og fram til i dag. Med fokus på samfunnets forhold til skiftande regionale statsmakter diskuterer Hovden korleis historia til klostera og landsbyane har blitt forma av beliggenheita på grensa mellom Nepal og Tibet.

Eitt av dei viktigaste funna i avhandlinga er korleis ein kombinasjon av lokale og nasjonale politiske faktorar har resultert i ei hybrid form for lokalt styresett. Så langt er det landsbyleiinga som har gjennomgått dei mest omfattande endringane, og særleg dei siste ti åra har det foregått ein aukande integrasjon med det nepalske statsapparatet. Klostervesenet er prega av større grad av kontinuitet, men også innan klostera har der vore omfattande reformer, og ein ser ei auka spenning i lokalsamfunnet mellom dei som ønsker å bevare det tradisjonelle styresettet og dei som ønsker endring.

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 17. mars 2016, kl. 16.15, auditorium 2, Helga Engs hus, Blindern: "In the summer of 2015, many of the traditional structures that have shaped the relationship between villagers and temple in Limi were radically revised in one of the investigated villages. What are the «modern» forces that inspired these changes and made them possible, and what can be said about their potential effects?"

Bedømmelseskomité

  • Associate professor Ulrike Roesler, Oxford University (andreopponent)
  • Professor Peter Schwieger, Universität Bonn (førsteopponent)
  • Professor Mark Teeuwen, Universitetet i Oslo (administrator)

Leder av disputas

Instituttleder Bjørn Olav Utvik

Veileder

  • Professor Hanna Havnevik, Universitetet i Oslo
  • Professor Charles Ramble, École Pratique des Hautes Études
Publisert 7. des. 2020 11:08 - Sist endret 7. des. 2020 11:08