Disputas: Militante flyktningleirar: Korleis den palestinske motstandskampen held fram i Libanon

Master Erling Lorentzen Sogge ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk vil forsvare avhandlinga si for graden philosophiae doctor (ph.d.): No one can Rule Us. Politics of exile in the Refugee camp ‘Ayn Al-Hilwe, Capital of the Palestinian Diaspora (1993-2017)

Erling Lorentzen Sogge

Den palestinske flyktningleiren ‘Ayn al-Hilwe i Sør-Libanon er heim til om lag 75.000 personar, og liknar ein by meir enn ein leir. Her finn ein langstrekte shoppinggatar, store grønsaksmarknadar, skolar og sjukehus. Samtidig er leiren kontrollert av eit lappeteppe av palestinske militsgrupper, frå PLO til Hamas og lokale jihadist-organisasjonar. Avhandlinga forsøker å avdekke korfor dei ulike palestinske leiarskapane i dag held fram med å kappast om styringa av leirane i Libanon i ei tid der senteret for palestinsk politikk for lengst har vorte flytta frå diasporalanda til heimlandet.

Dette er ikkje eit sjølvsagt spørsmål. Forskarar har hatt ein tendens til å oversjå den interne dynamikken i flyktningleirar. Akademikarar inspirert av teoriane til den italienske filosofen Giorgio Agamben har ofte skildra leirar som «område av unntakstilstand» (spaces of exception) der politisk liv blir gjort umogleg.

Avhandlinga, som er basert på eit grundig feltarbeid i ‘Ayn al-Hilwe, tar eit oppgjer med slike teoretiske utgangspunkt ved å gi eit detaljrikt innblikk i det interne livet til nemnde leir og ved å knyte lokale konfliktar til eit større, regionalt bilete. Gjennom ei rekke intervju avdekker Sogge korleis den palestinske leiarskapen i eksil har vore i konflikt med PLO og Sjølvstyremyndigheitene (PA) på Vestbreidda sidan opprettinga av sistnemnde i 1994 - ein strid som enno pregar leiren.

Vi får sjå korleis lokale militshøvdingar legg press på sin eigen leiarskap ved å inngå alliansar med mektige fiendar av statsmakta på Vestbreidda (Iran, Syria etc.) medan president Abbas og co. til gjengjeld forsøker å få kontroll over sine eigne bataljonar i Libanon ved å ekskludere eller forfremme dei same uregjerlege høvdingane i leiren. Denne maktkampen skapar også reaksjonar hos andre aktørar, slik som jihadistar, libanesiske politikarar og palestinske aktivistar m.m. som kastar seg med i kampen om leiren. Sogge argumenterer for at dei palestinske leirane ikkje burde bli sett på som unntaksområde  – dei seier faktisk mykje om det politiske livet i Midtausten.

Tid og stad for prøveforelesing

Torsdag 30. august 2018, kl. 16:15, Arne Næss’ auditorium, Georg Morgenstiernes hus, Blindern: "To rule and be ruled? Camp politics, Lebanese politics and the future of Palestinians in Lebanon".

Vurderingskomite

  • Professor Rex J Brynen, McGill University
  • Førsteamanuensis Jacob Høigilt, Universitetet i Oslo
  • Professor Julie Peteet, University of Louisville

Leiar av disputas

Stephan Guth

Rettleiarar

Publisert 1. aug. 2018 10:31 - Sist endret 17. aug. 2018 09:15