Tal og fakta

Ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) blir det arbeidd med undervisning, forsking og formidling innanfor religion og kultur særleg i Europa og Asia.

Innanfor språkbaserte områdestudium har instituttet særleg vekt på Sør-Asia, Aust-Asia, Midtausten og Nord-Afrika. Instituttet har fleire studieprogram som dekkjer både bachelornivå og masternivå.

Av instituttet sine 110 tilsette er 40 ph.d- og post.doc.stipendiatar. Kvart år blir det teke opp ca 500 nye studentar på bachelor-, master- og ph.d.-programma.

IKOS har internasjonalt profilerte forskingsmiljø og avtalar om studentutveksling med fleire velrenommerte utanlandske universitet.

Nøkkeltal for 2019

Vitskapelige publikasjoner 115
Masterprogram 4
Bachelorprogram 3
Årseining 1
Vitskapelige årsverk (totalt) 58
Postdoktor- og doktorgradsstipendiatar (årsverk) 30
Administrative årsverk 18
Budsjett (totalt) 95 millionar
Del av budsjettet som er eksternt finansiert 23 %
Forskningsprosjekt med ekstern finansiering 32

Forskingsområde

  • Kultur, språk og historie i Asia, Midtausten og Nord-Afrika
  • Kulturstudium
    • Kulturhistorie
    • Museologi
    • Teatervitskap
  • Religionsvitenskap

Nasjonale satsingar

  • Samarbeid med Utenriksdep. og Noregs forskingsråd om forsking på Midtausten og Gulfregionen
  • Utvikling og digitalisering av arkivmateriale om trolldomssaker og magi i Norge i samarbeid med Nasjonalbiblioteket

Internasjonale satsingar

  • EU-finansiert forsking på europeiske nasjonalmuseum
Publisert 28. sep. 2016 09:04 - Sist endret 18. mai 2020 14:47