Disputas: Ein grammatikk er meir som ein harddisk enn som ein prosessor

Master Tor Arne Haugen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier vil forsvare sin avhandling for graden ph.d.: Polyvalent Adjectives in Norwegian. Aspects of their Semantics and Complementation Patterns.

Tor Arne Haugen. Foto: Ram Gupta.

Ei vanleg forståing av eit språk er at det består av ei ordbok og ein grammatikk. Orda er lagra i ordboka, og grammatikken bestemmer korleis orda blir sette saman til setningar. Grammatikken er eit sett av reglar, og ein går ut frå at språkbrukarane følgjer desse reglane når dei snakkar eit språk.

Denne doktoravhandlinga utfordrar dette synet på kva ein grammatikk er, og det blir argumentert for at språkbrukarane, snarare enn å setje saman ord ved hjelp av regler, lagrar mønster for korleis setningar blir bygde opp. Desse mønstra vert truleg lagra som heilskapar.

Ein viktig tanke bak det tradisjonelle synet på grammatikken som eit sett av reglar er at eit slikt system er meir økonomisk; det løner seg å lagra berre mindre einingar, som ord, fordi lagringsplass er kostbart.

Slik var det då òg ved dataalderens byrjing, då dette synet på grammatikken var på sitt sterkaste. I hjernen til mennesket har det derimot aldri vore mangel på lagringsplass. Det er difor ikkje sikkert at det er meir kostbart for hjernen å lagra eit stort antal mønster for setningar enn det er å generera dei gjennom eit sett reglar.

For å bruka ein metafor frå datamaskinverda: Den mentale grammatikken er truleg meir som ein harddisk enn som ein prosessor.

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 6. juni 2013, kl. 16.15, auditorium 1, Helga Engs hus, Blindern: "The advantages of Construction Grammar compared to rule-based approaches"

Bedømmelseskomité

  • Professor Thomas Herbst, Universität Erlangen-Nürnberg (førsteopponent)
  • Førsteamanuensis Andreas Sveen, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Professor Camilla Wide, University of Turku (andreopponent)

Leder av disputas

Professor Jan Terje Faarlund, Universitetet i Oslo

Veileder

Publisert 7. des. 2020 11:05 - Sist endret 7. des. 2020 11:05