Disputas: Den nynorske skriftkulturen – ei eineståande historie?

Master Bjørg Nesje Nybø ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Skriftkulturen i ei språkleg revitalisering. Ei samanlikning av framveksten av irsk og nynorsk skriftkultur.

Bjørg Nesje Nybø. Foto: Kyrre Vigestad

Historia til nynorsken er ikkje eineståande. I Irland har dei eit eige språk, irsk, som går langt tilbake i tid både som skriftspråk og talespråk. Språket heldt på å døy ut då dei tok til å ta det i bruk att som skriftspråk seint på 1800-talet, om lag samstundes med at nynorsken vann fram i Noreg. Kva likskapar finn vi så mellom desse to skriftkulturane, den nynorske og den irske? Korleis fekk dei si moderne rettskriving og kva litteratur tok til å komme ut på dei to skriftspråka? Og korleis blei statusen deira nedfelt i lovverket? Mykje er likt om ein ser på perioden frå ca. 1850–1970. Ein del av dette skuldast tendensar i tida, som nasjonalromantikk og industrialisering. Men mykje er også ulikt. Skuldast dette meir nasjonale tendensar eller er det berre ulike måtar å angripe tendensar i tida på? Slike spørsmål er det denne avhandlinga tek opp. Noko av det som er svært ulikt, er korleis dei to språka fekk si moderne rettskriving. I Irland var dei svært opptekne av at det irske språket måtte ta vare på det irske og at ein difor måtte halde seg til ei gammal rettskriving og eigne irske bokstavar. Dette prega lenge debatten og førte til at det tok svært lang tid før dei fekk på plass ei moderne rettskriving. Enkelt sagt hadde dei ingen Ivar Aasen til å leie dei i eit slikt arbeid, eit arbeid som i Noreg var mykje meir prega av ei moderne ånd og blei ein lekk i arbeidet med å demokratisere folket.

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 12. desember 2013, kl. 16.15. Auditorium 3, Helga Engs hus, Blindern: "Irsk som standardspråk og bruksspråk på 2000-talet"

Bedømmelseskomité

  • Professor Tove Bull, Universitetet i Tromsø (førsteopponent)

  • Professor Pádraig Ó Cearbhaill, Ordenance Survey, Dublin (andreopponent)

  • Professor Lars Vikør, Universitetet i Oslo (administrator)

Leder av disputas

Professor Per Thomas Andersen

Veileder

Publisert 7. des. 2020 11:05 - Sist endret 7. des. 2020 11:05