Disputas: Kreativ kodeveksling

Master Fikre Gebrekidan Reda ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Tigrinya – English/Amharic Codeswitching

 

Fikre Gebrekidan Reda

Eit av dei slåande funna i dette prosjektet er kor kreativ kodeveksling (CS) kan vere i tilhøve til grammatiske kategoriar. Fleirspråklege tigrinya-talande nyttar gjerne grammatiske konstruksjonar som lyder rare i ein eispråkleg situasjon men som blir godtatt i ein fleirspråkleg kontekst. Dei nyttar til dømes engelske adjektiv som om dei var substantiv, og nyttar engelske både verb og adverb som om dei var adverb og substantiv. Serleg legg ein merke til bruken av ”lette verb” til å integrere dei engelsk orda i tigrinya. I slike tilfeller misser verbet verbkategorien som det høyrde til i engelsk og går inn i tigrinya med status som substantiv.                                                 

Frå ein sosiolingvistisk synsstad fann denne forskaren at talarane brukar CS for å signalisere visse diskursfunksjonar. Dette viser at talarane ikkje er “brikker” som blir kontrollerte av situasjonen rundt seg, men spelar ei kreativ nykelrolle i CS og er herre over talesituasjonen.  Dei brukar CS bevisst til å framkalle ein viss pragmatisk effekt når dei talar.

I denne studien, Tigrinya – English/Amharic CS, undersøkte forskaren korleis dei framande språkelementa frå både engelsk og amharisk oppførte seg i ytringar på tigrinja. Dei to sistnemnde språka er genetisk og typologisk svært nær kvarandre, og svært ulike engelsk i begge omsyn. I motsetnad til det vanlege synet at CS skjer lettare di nærare språka er kvarandre, fann denne forskaren at det er mykje meir CS mellom engelsk og tigrinja enn mellom amharisk og tigrinja, slik at grammatisk likskap er ikkje nok til å motivere CS.

Denne studien utvider fokus frå tospråkleg kontakt til trespråkleg kontakt og er med det eit viktig bidrag til forskinga om CS.

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 7. februar, kl. 16.15, i auditorium 3, Helga Engs hus, Blindern: "Language Change: the role of codeswitching"

Bedømmelseskomité

  • Dr. Ad Backus, Tilburg University (førsteopponent)
  • Professor Anne Golden, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Associate Professor Hirut Woldemariam, Addis Ababa University (andreopponent)

Leder av disputas

Professor Jan Terje Faarlund

Veileder

  • Professor Elizabeth Lanza, Universitetet i Oslo
  • Professor Kjell Magne Yri, Universitetet i Oslo
     
Publisert 7. des. 2020 11:05 - Sist endret 7. des. 2020 11:05