Disputas: Retoriske skattekister

Master Gudrun Kløve Juuhl ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): I det mykje skrivne. Ei undersøking av ungdoms digitale tekstar i skule og fritid som situerte, retoriske handlingar

Gudrun Kløve Juuhl

Ungdom tek ordet og skriv i ulike digitale offentlegheiter i større grad enn nokon gong, men forskinga på ungdoms tekstar er i stor grad avgrensa til skulen.

I doktoravhandlinga I det mykje skrivne. Ei undersøking av ungdoms digitale tekstar i skule og fritid som situerte, retoriske handlingar undersøkjer Gudrun Kløve Juuhl tekstar elleve 14-15-åringar har skrive på skulen og i fritida (bloggar, nettsamfunnstekstar, facebookkommentarar og liknande), og intervjuar dei om skriving i skule og fritid.

Interesseorienterte fritidskulturar som hip-hop, hest, blogging, emo/goth og andre subkulturar er retoriske skattekister, seier Kløve Juuhl: Dei er skular i kunnskapsorientert ordskifte og den felles interessa gjev ungdom grunnar til å ta ordet.

Ho åtvarar likevel mot å la ungdoms fritidsskriving på nette leggja premissane for skriving i skulen: –Dette tyder ikkje at ungdoms fritidsskriving er betre enn skuleskriving. Alle ungdomar deltek heller ikkje i slike miljø. For mange er skrivinga i sosiale medium fyrst og fremst ein måte å vera med vener på. Skriveideala i skulen har mykje felles med interesseorienterte fritidskulturar, men lite med den venskapsorienterte skrivinga.

I analysane av tekstane byggjer Kløve Juuhl på retorikk og dialogisme, og byggjer eit felles rammeverk for å analysera både skule- og fritidstekstar. Det vil også seia at ho ikkje ser eit prinsipielt skilje mellom skuletekstar som «inautentiske» og fritidstekstar som «autentiske».

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 12. juni 2014, kl. 16.15, i auditorium 3, Helga Engs hus, Blindern:  "Om ulike perspektiver på forholdet mellom skriver og leser i dialogisk og retorisk tradisjon"

Bedømmelseskomité

  • Professor Lars S. Evensen, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (førsteopponent)
  • Professor Anna-Malin Karlsson, Uppsala Universitet (andreopponent)
  • Førsteamanuensis Sten-Olof Ullström, Universitetet i Oslo (administrator)

Leder av disputas

Professor Per Thomas Andersen

Veileder

Publisert 7. des. 2020 11:04 - Sist endret 7. des. 2020 11:04