Disputas: Vi følger ikkje skulegrammatikken når vi snakkar med kvarandre

Master Åshild Søfteland ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Utbrytingskonstruksjonen i norsk spontantale

Åshild Søfteland

Den norske grammatikken er ikkje alltid så enkel som lærebøkene vil ha det til. Vi brukar språket svært kreativt også i det daglege, og vi mumlar, utelet, gjentek og brukar tvitydige ord. Når personar som kjenner kvarandre snakkar spontant saman, kan språkbruken vere nokså kaotisk. Likevel går kommunikasjonen oftast som ein leik.

Målet med forskinga til Åshild Søfteland har vore å skildre språk i faktisk bruk gjennom studiar av spontantale. Allereie som student blei ho interessert i forsking på dette, da ho arbeidde på eit språklaboratorium med nedskriving og analyse av daglegdagse samtaler mellom folk som kjenner kvarandre.

Ho hevdar at det som norsk forsking seier om informasjonsflyt og språkleg betydning i grammatikken, ikkje nødvendigvis stemmer for spontantale. Det er forska mykje på ulike setningstypar med ordet «det» (Det snør, Det kom ei jente på besøk, og liknande). Få har testa korleis dei grammatiske analysane stemmer overeins med faktisk tale i større mengder.

Dette ville Åshild Søfteland gjere noko med. Ho har tatt i bruk nyutvikla datamateriale med talespråk: NoTa–Oslo og Nordisk dialektkorpus. I avhandlinga undersøker ho åtte samtaler frå Alvdal, Senja, Suldal og Oslo. Ho forskar spesielt på den typisk norske konstruksjonen utbryting (Det var det eg sa, Det var ingen som kom).

Arbeidet er viktig for moderne forsking på talespråk. Språk er bygd opp av reglar, men desse kan brukast på kreative måtar. Avhandlinga framhevar samspelet mellom den faste grammatikken og variasjonen i innhaldet vi fyller den med. Vi kan stadig forstå kvarandre spontant – sjølv om vi tøyer reglane.

Tid og sted for prøveforelesning

Fredag 13. juni kl. 10.15, i auditorium 2, Helga Engs hus, Blindern: "Dialektsyntaktisk metode"

Bedømmelseskomité

  • Professor Hans-Olav Enger, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Professor Kristin Melum Eide, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (førsteopponent)
  • Dosent Henrik Rosenkvist, Lunds universitet (andreopponent)

Leder av disputas

Professor Helge Lødrup

Veileder

Publisert 7. des. 2020 11:04 - Sist endret 7. des. 2020 11:04