Disputas: Skaldedikt frå vikingtida er ekte

Master Klaus Johan Myrvoll ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium vil forsvare avhandlinga si for graden philosophiae doctor (ph.d.): Kronologi i skaldekvæde. Distribusjon av metriske og språklege drag i høve til tradisjonell datering og attribuering

Klaus Johan Myrvoll

Det har lenge vore ytra tvil om skaldedikta frå vikingtida, som for det meste er overleverte innimellom prosaen i konge- og islendingesogene frå 1200-talet og seinare, er ekte – at dei er frå den tida dei vert gjevne ut for å vera i dei norrøne kjeldene. Det gjeld serleg for det aller eldste sjiktet av dikt frå 800- og 900-talet, med viktige skaldar som Brage, Hornklove og Egil Skallagrimsson. Dersom dikta åt desse skaldane skal vera ekte, må dei ha vore traderte munnleg i fleire hundre år før dei vart feste på pergament.

I avhandlinga Kronologi i skaldekvæde har Klaus Johan Myrvoll funne fram til ei rad ulike kriterium som kan brukast til å datera skaldedikt. I alt tolv kriterium henta frå metrum, rim og språk vert røkte etter i kvæde som skal ha vorte til over ein periode på nærare fem hundre år, frå 800-talet til om lag 1300. Gjennom statistisk analyse av eit stort materiale – over 16 000 skaldevers – vert det vist at dei metriske og språklege draga utviklar seg jamt i samsvar med den kronologiske plasseringa skaldane og kvæda har i materialet. Med di vert den tradisjonelle dateringa av skaldedikta styrkt.

Hovudkonklusjonane i avhandlinga er at metrum, rim og språk er kraftfulle reidskapar til å datera skaldedikt med, og at den dateringa skaldedikta vert gjevne i dei norrøne kjeldene, i dei fleste tilfelle er pålitande. Endeleg vert det konkludert med at det finst nok gode dateringskriterium til at ein òg kan datera delar av korpuset, t.d. einskilde kvæde eller dei strofene som er tillagde éin og same skald.

Tid og stad for prøveforelesing

Torsdag 16. april 2015, kl. 10.15, i Gamle festsal, Domus Academica, sentrum: "Ladejarlane og skaldediktinga"

Vurderingskomité

  • Professor Kari Ellen Gade, Indiana University (andreopponent)
  • Professor Karl G. Johansson, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Professor emerita Edith Marold, Christian-Albrechts-Universität zu Kiel (førsteopponent)

Disputasleiar

Professor Kristian Emil Kristoffersen

Rettleiar

Publisert 7. des. 2020 11:05 - Sist endra 7. des. 2020 11:05