Disputas: Vanlege folk og forvalting av urfolksspråk

Master Nathan John Albury ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): The folk lingustics of language policy: Knowing, feeling and doing Maori language revitalisation

Nathan John Albury

Forskinga til Albury viser at folks meiningar om språkleg mangfald må bli høyrde: Kva folk hevdar å vite, og kva dei føler om språk, kan ha konsekvensar for framtida til urspråk. I dette prosjektet blir kring 1300 ungdomar frå New Zealand kartlagde om kva dei veit og føler om politikken som skal gje nytt liv til te reo māori – urfolksspråket på New Zealand – som nesten forsvann under den britiske kolonitida.  

Dagens teoriar om å ta vare på urfolksspråk byggjer ofte på europeiske verdiar, til dømes at det er ei uløyseleg kopling mellom språk og identitet, og at det er eit behov for å etablere standardspråk. På New Zealand derimot, har ungdomar kunnskap, haldningar, meiningar og ambisjonar som best kan forståast i ein newzealandsk kontekst. Det er til dømes slik at dei fleste trur at te reo māori ikkje er viktig for maori-identitet, men at det snarare er eit språk for alle newzealendarar. Dei meiner også at språket ikkje treng ein skriftleg eller munnleg standard, og at oppgåva med å vidareføre te reo māori er ein jobb for skulen – ikkje for foreldre. Ungdomane håpar difor å sjå New Zealand bli eit tospråkleg land der te reo māori vert brukt av både māori og europeiske newzealendarar. Te reo māori vil då berre vere brukt i uformelle samanhengar, og kompetansenivået vil vere lågare  enn engelskkompetansen.  

Funna til Albury er relevante for andre urfolksspråk, som til dømes samisk i Noreg, fordi dei syner at kva folk veit og føler i dag, kan påverke situasjonen for urfolksspråk i morgon.

Tid og sted for prøveforelesning

Fredag 21. oktober 2016, kl. 10.15 i Theologisk eksamenssal, Domus Academica, sentrum: "How are different folk linguistic methods best utilized in language and policy planning issues? A focus on quantitative (e.g., questionnaire, attitude reactions) versus qualitative (discourse and/or conversation analytic) approaches"

Bedømmelseskomité

  • Professor Dennis Preston, Oklahoma State University (førsteopponent)
  • Professor Hilde Sollid, Norges arktiske universitet (andreopponent)
  • Professor Bente Ailin Svendsen, Universitetet i Oslo (administrator)

Leder av disputas

Professor Elizabeth Lanza

Veileder

  • Unn Røyneland, Universitetet i Oslo
  • Lyn Carter, University of Otago


 

Publisert 7. des. 2020 11:04 - Sist endret 7. des. 2020 11:04