Disputas: Kvitheit og kolonialitet i samtidslyrikken

Master Kristina Leganger Iversen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier vil forsvare sin avhandling for graden Philosophiae Doctor (ph.d.): Når dikta tiltaler nasjonen. Kvitheit, kolonialitet og subjektivitet i sju samtidige skandinaviske diktbøker

Kristina Leganger Iversen

Kva rolle speler hudfarge, kvitheit og rase i den skandinaviske samtidslyrikken? I løpet av dei siste ti åra har det utkome ei rekke diktbøker som på ulikt vis tematiserer rolla hudfarge, kvitheit og koloniale strukturer speler i Skandinavia i dag. Det er diktbøker som taler til lesarane som del av nasjonale kollektiv, og som tar del i og har sette i gang aktuelle debattar i samtida.

I avhandlinga undersøker Iversen sju diktbøker som er ein del av denne bølgja: Yahya Hassan (2013) av Yahya Hassan, Vitsvit (2013) av Athena Farrokhzad, Atlanterhavet vokser (2013) av Julie Sten-Knudsen, Vi är de döda, nu snart (2014) av Kristian Lundberg, Guld (2014) av Victor Boy Lindholm, White Girl (2012) av Christina Hagen og Flaggtale (2016) av Dan Andersen. Det er bøker som er prega av sterke kjensler og ein tydeleg tiltale til ålmenta, diktbøker som syd både av poetiske og politiske ambisjonar, bøker som skapte debatt, både kring seg sjølv, om den skandinaviske litteraturen og røynda dei utforskar og kjem ut i.

Iversens avhandling er den første større undersøkinga av kvitheit og kolonialitet i den skandinaviske samtidslyrikken. Iversen les bøkene i dialog med lyrikkteori, postkolonial og interseksjonell feministisk teori, og fokuserer på korleis diktbøkene opnar opp for å utforske aktuelle, politiske spørsmål på nye vis. Kva rolle speler kvitheita i dei skandinaviske nasjonane, og i lyrikken? På kva vis taler dikta, når dei taler til ålmenta? Korleis både nyttar og utfordrar desse samtidsdikta lyrikksjangeren, som ein del av deira politiske og poetiske prosjekt?

Tid og sted for prøveforelesning

Fredag 9. mars 2018, kl. 10:15 i Aud Simula, Ole-Johan Dahls hus, Forskningsparken: "Hvem taler hvorfra? En teoretisk avklaring av forholdet mellom tekstuelle utsigelsesposisjoner og forfatteridentitet i postkolonial lyrikkanalyse."

Bedømmelseskomité

  • Universitetslektor Elisabeth Friis, Lunds Universitet (andreopponent)
  • Førsteamanuensis Sissel Furuseth, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Førsteamanuensis Kari Jegerstedt, Universitetet i Bergen (førsteopponent)

Leder av disputas

Instituttleder Piotr Garbacz

Veileder

Publisert 14. feb. 2018 11:06 - Sist endret 8. nov. 2018 09:54