Disputas: Historiekritikk etter 1989

Master Kristian Lødemel Sandberg ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar vil forsvare avhandlinga si for graden philosophiae doctor (ph.d.): Kapitalistisk skuld etter 1989. Utviklinga av ein historiekritikk i fire verk av Kjartan Fløgstad

Kristian Lødemel Sandberg

Korleis kan ein drive med historiekritikk og kapitalismekritikk etter 1989, når historia er slutt og kapitalismen har sigra over kommunismen? I avhandlinga analyserer Kristian Lødemel Sandberg fire verk av Kjartan Fløgstad: to sakprosabøker, Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år (1990) og Eld og vatn. Nordmenn i Sør-Amerika (1999) og to romanar, Paradis på jord (2002) og Grand Manila (2006). Avhandlinga følgjer opp tidlegare forsking om Fløgstads interesse for historie, og Sandberg utforskar tilhøvet mellom historiebruk, historiekritikk og kapitalismekritikk i Fløgstads tekstar.

Tre tendensar som kan karakterisere kva som kjenneteiknar Fløgstads framgangsmåtar, kjem til syne gjennom Sandbergs analysar: Den første er at Fløgstad nyttar historietekstar frå heile feltet for historieproduksjon, og at mange kjelder blir imiterte, medan historiekritikken er ein ideologikritikk retta mot delar av feltet for historieproduksjon. Den andre er at eit minnevokabular og ein minneretorikk speler ei viktig rolle i å gjera verka til motforteljingar til andre historiske narrativ og til historieskrivinga. Den tredje er at ei skuld på det personlege planet bidreg til å representere ei kapitalistisk skuld på det strukturelle planet.

Det skjer også ei utvikling i korleis dei fire verka motseier påstandar om at nasjonen Noreg er fri for skuld for kolonialismen og ein uetisk kapitalisme. Historiekritikken går frå å vera postkolonial til å bli binasjonal, for så å bli postnasjonal – som moglege merkelappar på kva for tilnærmingar som blir nytta for å utfordre eit hegemoni i samtida, og som gjer at andre historiske narrativ tapar autoritet.

Tid og stad for prøveforelesning

Fredag 26. oktober 2018 kl. 10.15, Gamle festsal, Domus Academica, urbygningen,

"Kva vil det seie å fortelje eit liv? Om Demian Vitanzas Dette livet eller det neste (2017)"

Vurderingskomite

  • Førsteamanuensis Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Professor Geir Hjorthol, Høgskulen i Volda (andreopponent)
  • Amanuensis Dean Krouk, University of Wisconsin-Madison (førsteopponent)

Leiar av disputas

Forskningsleiar, professor Sissel Furuseth

Rettleiarar

Publisert 3. okt. 2018 15:48 - Sist endret 24. okt. 2018 09:01