Disputas: Å velge nynorsk og samisk i akademia – går det an?

Master Jorunn Simonsen Thingnes ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium vil forsvare avhandlinga si for graden philosophiae doctor (ph.d.): Å velje minoriserte språk. Språkpolitikk og språkval i akademia.

 

Bruken av engelsk i akademia er stigande, og mange strukturar motverkar moglegheitene for å bruke andre språk. Likevel vel nokre institusjonar å profilere seg på, og å bruke, mindre språk. Kva kan valet av nordsamisk og nynorsk som hovudspråk fortelje oss om språklege maktforhold og aktørskap i akademia?

I doktorgradsavhandlinga si undersøker Jorunn Simonsen Thingnes språkpolitikk og språkval ved Samisk høgskule og Høgskulen på Vestlandet (HVL). Thingnes finn at valet av nynorsk, til liks med nordsamisk, stadig må forklarast og forsvarast, og ho argumenterer for at også nynorsk er eit minorisert språk. Språkpolitikkane ved både Samisk høgskule og HVL går inn for å endre eller vege opp for det ujamne maktforholdet mellom språk. Samstundes finn Thingnes at diskusjonane kring språk ved HVL kan vere med på å gjenskape eit bilde av nynorsk som brukarane av språket ikkje er tente med.

I granskinga av desse institusjonane utfordrar Thingnes allereie etablerte sanningar og utvidar perspektiva ein har på språkpolitikk og språkval i akademia. Den fleirspråklege avhandlinga er i seg sjølv ein metakommentar til tematikken ho handsamar.

 

Jorunn Simonsen Thingnes gjennomførte ein vellukka dispuats 9. oktober 2020.

Prøveførelesing

Tema: Språkforsking, språkpolitikk og høgare utdanning: Tilhøvet mellom forsking på språkval og språkbruk i akademia og nyare norsk lovverk.

Vurderingskomite

  • Professor, Andrew Linn, University of Westminster (Førsteopponent)
  • Professor, Hilde Sollid, Universitetet i Tromsø (Andreopponent)
  • Førsteamanuensis, Toril Opsahl, Universitetet i Oslo (Administrator)

Leiar av disputas

  • Instituttleiar Piotr Garbacz.

Rettleiarar

  • Unn Røyneland, Multiling, Universitetet i Oslo 
  • Pia Lane, MultiLing, Universitetet i Oslo
  • Alastair Pennycook, University of Technology Sydney
Emneord: Disputaser ved HF
Publisert 21. sep. 2020 15:32 - Sist endret 5. feb. 2021 12:53