Innsending av samandrag

Frist for å sende inn anonyme samandrag for foredrag på inntil 30 minutt (+ diskusjon) og plakatpresentasjonar er sett til 15. desember 2017. Samandraga skal sendast i pdf-format til gramino2018@iln.uio.no.

Skriv namnet ditt og tittelen på foredraget i e-posten, og sei frå om du førebur ein munnleg presentasjon, ein plakatpresentasjon, eller begge delar. Omfanget på samandraget er  maksimalt 400 ord (utan referansar). Dei innsende samandraga vert vurderte av anonyme granskarar i GRAMINOs programkomité. Medlemmar av programkomiteen har også høve til å sende inn samandrag. Svar om godkjenning til konferansen kjem seinast 9. februar 2018.

Publisert 4. okt. 2017 18:34 - Sist endret 5. okt. 2017 10:14