English version of this page

Cri du chat-syndrom: Ei undersøking av språklege ferdigheiter

Fokuset i dette prosjektet ligg på fonologiske, leksikalske og grammatiske ferdigheiter hos personar med CdCS.

Om prosjektet

Cri du chat-syndrom (CdCS) er ein sjeldan medfødd tilstand som er resultat av tap av genetisk materiale på den korte armen av kromosom 5. Tilstanden kjem til uttrykk gjennom ein karakteristisk høgfrekvent gråt i spedbarnsalder, og ofte spesielle ansiktstrekk.

Vidare medfører syndromet frå moderat til svært alvorleg psykisk utviklingshemming. Personar med CdCS har normalt også dårleg talespråksutvikling og hemma fin- og grovmotoriske ferdigheiter. I dei fleste tilfelle oppstår tilstanden spontant, men i 10-15 % av tilfella er den arveleg. I Noreg blir det født rundt eitt barn med CdCS i året.

 

Prosjektansvarleg

Professor Kristian Emil Kristoffersen

 

Publikasjonar

Kristoffersen, K. E., Garmann, N. G., & Simonsen, H. G. (2014). Consonant production and intelligibility in cri du chat syndrome. Clinical linguistics & phonetics, (0), 1-16.

Kristoffersen, K. E. (2012). Inflectional morphology in cri du chat syndrome-A case study. Clinical linguistics & phonetics26(2), 120-134.

Kristoffersen, K. E. (2012). Inflectional morphology in cri du chat syndrome-A case study. Clinical linguistics & phonetics26(2), 120-134.

Erlenkamp, S., & Kristoffersen, K. E. (2010). Sign communication in Cri du chat syndrome. Journal of communication disorders43(3), 225-251.

Kristoffersen, K. E. (2009). Grammatical constructions in Cri du chat syndrome-Findings from a case study. Clinical linguistics & phonetics23(12), 858-871.

Kristoffersen, K. E. (2008). Speech and language development in cri du chat syndrome: A critical review. Clinical linguistics & phonetics22(6), 443-457.

Kristoffersen, K. E. (2008). Consonants in Cri du chat syndrome: A case study.Journal of communication disorders41(3), 179-202.

Wium, K., & Kristoffersen, K. E. (2008). Past tense morphology in Cri du chat syndrome: experimental evidence. Clinical linguistics & phonetics22(4-5), 401-406.

Kristoffersen, K. E. (2005). Vowel productions in the speech of three children with cri du chat syndrome. Journal of Multilingual Communication Disorders,3(2), 128-135.

Kristoffersen, K. E. (2003). Development of consonants and vowels in a child with cri du chat syndrome. Journal of Multilingual communication disorders,1(3), 194-200.

Emneord: Klinisk lingvistikk, Språktilegnelse, Språkvansker
Publisert 2. mai 2013 13:45 - Sist endret 1. juli 2016 11:49

Deltakere

  • Kristian Emil Kristoffersen
  • Nina Gram Garmann
  • Hanne Gram Simonsen
  • Kristin Wium
  • Sonja Erlenkamp
Detaljert oversikt over deltakere