Studentutvalet ved ILN

Studentutvalet ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er samansett av studentar ved instituttet. Oppgåva vår er å ta hand om dei faglege og sosiale interessene til studentane, både gjennom arrangement og møteplassar og ved å representere ILN-studentane.

Kven er vi?

Medlemmene i studentutvalet H17–V18 er:

Navn Studieretning
Kit Bjørndal Norrøne og keltiske studier, bachelor
Sigurd Hanserud Lingvistikk, master
Andrea Myklebust Huus Nordisk språk, master
Ida Keihl Olsen Nordisk språk, master
Marie Bjerke Olsen Nordisk litteratur, bachelor
Vilde Reichelt Lingvistikk, master
Ane Theimann Lingvistikk, master
Joakim Tjøstheim Nordisk litteratur, master
Michael Sverre Zaar Lingvistikk, bachelor

Kva gjer vi?

Gjennom semesteret står vi for både sosiale og faglege arrangement. I samarbeid med instituttet arrangerer vi kvart år ei tradisjonsrik kandidatmarkering for å feire alle ILN-studentar som leverer masteroppgåva si det året.

Dessutan taler vi ILN-studentane si sak i kontakt med instituttleiinga og andre, mellom anna gjennom dei fire representantane våre i instituttstyret (to faste representantar, to varaer). Desse blir valde for eitt år av gongen. For det meste er det medlemene i Studentutvalet som avgjer kva vi skal gjere, men Studentutvalet har også vedtekter å følge.

Det er Studentutvalet som er ansvarlege for masterlesesalen i 1. etasje i Henrik Wergelands hus. Det inneber mellom anna at vi administrerer tildelinga av faste leseplassar og bokskap. Meir informasjon om lesesalen finn du her.

Opplysningar om arrangementa våre legg vi ut her på nettsidene etter kvart, og dessutan på Facebook-gruppa for ILN-studentar. Vi legg også ut aktuelle nyheiter og anna vi trur er interessant for studentane.

Ta kontakt!

Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt dersom du har noko du vil ta opp. Dette kan vere alt frå lys på lesesalen til kurstilbod og sosiale arrangement. Veit du om noko som studentane ved instituttet bør få med seg? Send ein e-post til studentutvalg@iln.uio.no.

Publisert 4. des. 2017 19:52 - Sist endra 18. apr. 2018 18:34