Studentutvalet ved ILN

Studentutvalet ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er samansett av studentar ved instituttet. Oppgåva vår er å ta hand om dei faglege og sosiale interessene til studentane, både gjennom arrangement og møteplassar og ved å representere ILN-studentane.

Kven er vi?

Medlemmene i studentutvalet H19–V20 er:

Navn Studieretning
Kit Bjørndal Norrøne og keltiske studier, bachelor
Henrik Torgersen Lingvistikk, master 
Sindre Holmen Lingvistikk, master 
Marie Svardal Nordisk litteratur, master
Marie Synnøve Hellevang Lingvistikk, bachelor
Lena Singh Norrøne og keltiske studier, bachelor
Magne Johan Økland Molteberg Nordiske studier, bachelor
Karoline Frosterud Norrøne og keltiske studier, bachelor
Martin Jacobsen Lingvistikk, bachelor
Annette Nærum Nordiske studier, bachelor

Kva gjer vi?

Gjennom semesteret står vi for både sosiale og faglege arrangement. I samarbeid med instituttet arrangerer vi kvart år ei tradisjonsrik kandidatmarkering for å feire alle ILN-studentar som leverer masteroppgåva si det året. 

Informasjon om årets kandidatmarkering finner du her.

Dessutan taler vi ILN-studentane si sak i kontakt med instituttleiinga og andre, mellom anna gjennom dei fire representantane våre i instituttstyret (to faste representantar, to varaer). Desse blir valde for eitt år av gongen. For det meste er det medlemene i Studentutvalet som avgjer kva vi skal gjere, men Studentutvalet har også vedtekter å følge.

Det er Studentutvalet som er ansvarlege for masterlesesalen i 1. etasje i Henrik Wergelands hus. Det inneber mellom anna at vi administrerer tildelinga av faste leseplassar og bokskap. Meir informasjon om lesesalen finn du her.

Opplysningar om arrangementa våre legg vi ut på Facebook-gruppa Informasjon fra studentutvalget ved ILN og vår Facebook-side, følg også Facebook-gruppa for ILN-studentar.

Ta kontakt!

Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt dersom du har noko du vil ta opp. Dette kan vere alt frå lys på lesesalen til kurstilbod og sosiale arrangement. Veit du om noko som studentane ved instituttet bør få med seg? Send ein e-post til studentutvalg@iln.uio.no.

Publisert 4. des. 2017 19:52 - Sist endra 11. okt. 2019 14:35