Studentutvalet ved ILN - høsten 2016

Studentutvalet ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er samansett av studentar ved instituttet, og dei blir valde for eit halvt år om gongen. Oppgåva vår er å ta hand om dei faglege og sosiale interessene til studentane, både gjennom arrangement og møteplassar for studentane, og ved å representere ILN-studentane.

Kven er vi?

Medlemmene i studentutvalet H16–V17 er:

Navn Studieretning
Jølin Kristine Brostigen Norrøne og keltiske studier, bachelor
Kine Javiera Dorich Nordisk språk, master
Andrea Myklebust Huus Nordisk språk, master
Ida Keihl Olsen Nordisk språk, master
Vilde Reichelt Lingvistikk, master
Danielle Stephan Lingvistikk, master
Joakim Tjøstheim Nordisk litteratur, bachelor
Michael Sverre Zaar Lingvistikk, bachelor

Kva gjer vi?

Gjennom semesteret står vi for både sosiale og faglege arrangement. I samarbeid med instituttet arrangerer vi ei tradisjonsrik kandidatmarkering kvart år for å feire alle ILN-studentar som leverer masteroppgåva si det året.

Dessutan taler vi ILN-studentane si sak i kontakt med instituttleiinga og andre, mellom anna gjennom dei tre representantane våre i instituttstyret (éin fast representant, to varaer). For det meste er det medlemene som avgjer kva vi skal gjere, men studentutvalet har også vedtekter å følge.

Det er studentutvalet som er ansvarlege for masterlesesalen i 1. etasje i Henrik Wergelands hus. Det inneber mellom anna at vi administrerer tildelinga av faste leseplassar og bokskap. Meir informasjon om lesesalen finn du her.

Opplysningar om arrangementa våre legg vi ut her på nettsidene etter kvart, og dessutan på Facebook-gruppa for ILN-studentar. Vi legg også ut aktuelle nyheiter og anna vi trur er interessant for studentane.

Ta kontakt!

Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt dersom du har noko du vil ta opp. Dette kan vere alt frå lys på lesesalen til kurstilbod og sosiale arrangement. Veit du om noko som studentane ved instituttet bør få med seg? Send ein e-post til studentutvalg@iln.uio.no.

Publisert 10. apr. 2014 23:03 - Sist endra 8. feb. 2018 13:54