For ansatte: ILFacta | Styret: Innkallinger og protokoller | Kokebok for fagansvarlige | Sosialt

Innkalling til instituttstyremøte 1/2002

Til medlemmer og varamedlemmer i instituttstyret, økonomikonsulenten, studiekonsulentane, arkivet, oppslagstavle ekspedisjonskontoret
Vår referanse KW
6.3.2002

Det blir med dette kalla inn til instituttstyremøte måndag 11. mars kl. 12.15 - 15.00 på HW 536

Saksliste:

Sak 1/1/2002: Godkjenning av innkalling og saksliste.

Sak 2/1/2002: Godkjenning av referat frå instituttstyremøte 7/2001

Det har ikkje kome kommentarar til referatet

Sak 3/1/2002: Orienteringssaker

Sak 4/1/2002: Årsplan 2002 med budsjett

Utkast til årsplan med budsjett 2002 datert 6.3. Budsjett 2002 med rekneskap 2001 og innleiingaer til pkt 3-7 blir delt ut på møtet.

Forslag til vedtak: Årsplan med budsjett 2002 vedtatt med dei endringar som kom fram i møtet. Etter 10.11.02 disponerer leiinga budsjettet.

Drøftingssaker

Sak 5/1/2002: Lingvistikkevalueringa

Lingvistikkevalueringa kan lånast hos kontorsjefen.

Lingvistikkevalueringa frå Noregs forskingsråd, "Norsk lingvistikk. En evaluering av forskningen ved fem universitetsinstitutter" låg føre tidleg på nyåret 2002. Instituttet skal melde tilbake til NFR korleis ein tenkjer seg å følgje opp dei tilrådingane evalueringa kjem med når det gjeld lingvistikkfaget i Oslo, m.a. skjer dette på eit møte i NFR 20. mars. Instituttstyret bør difor drøfte evalueringa og koma med synspunkt, særskilt på kap. 10 som gjeld forskinga på vårt institutt, på kap. 11 (internasjonalt perspektiv) og kap. 12 (kjerneområde i lingvistikken) og framfor alt kap. 13 som gjev generelle vurderingar og tilrådingar.

Sak 6/1/2002: Eventuelt