For ansatte: ILFacta | Styret: Innkallinger og protokoller | Kokebok for fagansvarlige | Sosialt

Innkalling til instituttstyremøte 3/2002

Til medlemmer og varamedlemmer i instituttstyret, økonomikonsulenten, studiekonsulentane, arkivet, oppslagstavle ekspedisjonskontoret
Vår referanse KW
16.8.2002

Det blir med dette kalla inn til instituttstyremøte torsdag 22. august kl. 9.15 - 11.30 på HW 536

Saksliste:

Sak 1/3/2002: Godkjenning av innkalling og sakliste

Sak 2/3/2002: Godkjenning av referat frå instituttstyremøte 2/2002

Det har ikkje kome merknader til referatet.

Sak 3/3/2002: Orienteringssaker

Sak 4/3/2002 Budsjettrevisjon 2002

- Notat frå økonomikonsulent/kontorsjef, datert 12.8.02 [Word, PDF]

Forslag til vedtak:
Revidert budsjett med kommentarar blir vedteke med dei endringar som kom fram under møtet. Etter 10. november blir budsjettet disponert av instituttleiinga. Driftsmidlar kan unntaksvis overførast til 2003, men berre etter søknad innan 10. november 2002.

Sak 5/3/2002 Budsjettframlegg 2003

- Notat frå økonomikonsulent/ kontorsjef, datert 12.8.02 [Word, PDF]

Forslag til vedtak:
Budsjettframlegg 2003 blir teke til etterretning. Endeleg budsjett blir vedteke seinare i haust.

Sak 6/3/2002 Modular frå fagmiljøa på ILF, oppfølging av SAK 6/2/2002

Instituttstyret gjekk på møtet 10.06.02 gjennom alle modulforslaga frå fagmiljøa på instituttet og sette ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å gjennomgå og samordne modulane med utgangspunkt i dei kommentarane som kom fram i møtet. I samband med dette arbeidet kom gruppa fram til at ILF bør utvikle eit profesjonsstudium for omsetjing og tolking. Bakgrunnen for eit slikt forslag er erkjenninga av at det finst langt fleire potensielle studentar til eit slikt studium enn dei som vil gå inn på Språkprogrammet, ettersom det er så store behov for kompetanse på desse felta ute i samfunnet. Også ut frå den situasjonen ILF er i, med låg vekttals-/studiepoengsproduksjon og som ledd i omstillingsprosjektet, meiner arbeidsgruppa at eit slikt profesjonsstudium er eit godt forslag. Fakultetsleiinga er gjort kjende med forslaget og stiller seg positive.

Forslag til vedtak:
Institutt for lingvistiske fag utarbeider forslag til eit fireårig profesjonsstudium i omsetjing og tolking. Arbeidet startar straks; det blir nedsett ei arbeidsgruppe leia av varastyrar. Instituttleiinga får fullmakt til å oppnemne dei andre medlemmene i arbeidsgruppa. Ein tek sikte på å starte opp studiet fom haustsemesteret 2003.

Sak 7/3/2002 Modular i Humanistisk IT

- Framlegg til modular

Forslag til vedtak:
Modulaene blir godkjende med dei kommentarane som kom fram i møtet. Instituttleiinga får fullmakt til å gje endeleg godkjenning.

Sak 8/3/2002 ILF-tenester

- Notat frå kontorsjef, datert 01.08.02. [Word, PDF]

Forslag til vedtak:
ILF tenester blir oppretta som eit prøveprosjekt innanfor omstillingsprosjektet i perioden frå 1.9.02-31.12.02. Instiuttleiinga får fullmakt til å tilsetje ein koordinator i 50% stilling i same periode. Styret ber om å få ei evaluering av prosjektet med tilråding om eventuell vidare drift på møtet i desember.

Sak 9/3/2002 Norskundervisninga ved ILF.

- Notat frå instituttleiinga, datert 13.8.02 [Word, PDF]
- Notat frå dei tre arbeidsgruppene:
    - Finansiering av NORUT [Word, PDF]
    - Organisering av norskundervisningen for utenlandske studenter ved Universitetet i Oslo []
    - Undervisning, ressursbruk, framtidige muligheter [Word, PDF]

Forslag til vedtak:

  1. Forslaget til modular for norskundervisning for utlendingar (Norut og Noriut) med tilhøyrande fastsetjing av studiepoeng, slik det framgår av saka, vert teke til orientering.
  2. Norskkurs trinn II får 6 veketimar (2 timar 3 gonger i veka), samla timetal for semesteret 84 timar. Norskkurs trinn III får 6 veketimar (2 timar 3 gonger i veka), samla timetal for semesteret 84 timar. Intensivkurs II/III får 10 veketimar (2 timar 5 gonger i veka). Det blir ei fellesforelesing i grammatikk med ein dobbeltime i veka gjennom heile semesteret for alle studentar på trinn III. Forelesingane er ein integrert del av undervisningstilbodet for trinn III, men er også opne for andre interesserte. Fonetikkurset for studentar med særskilde behov held fram som no. Undervisning på trinn IV-nivå skal berre vera i form av betalingskurs; utforminga av slike kurs må vurderast i høve til aktuell studentinteresse. Desse endringane skal gjelde fom vårsemesteret 2003.
  3. Instituttleiinga vert beden om å iverksetje tiltak for betre samordning mellom dei miljøa ved UiO som gjev norskundervisning for utlendingar.
  4. Instituttleiinga vert beden om å ta opp til drøfting med fakultetsleiinga spørsmål om det vil være tenleg med ei nærare utgreiing, i samarbeid med INL, om å overføra norskundervisninga for utlendingar (Norut, Noriut, evt. også NOA) til INL, eventuelt slå saman ILF og INL i sin heilskap.

Sak 10/3/2002 Omstillingsarbeidet på ILF

- Notat frå instituttstyrar, datert 16.8.02 [Word, PDF]

Forslag til vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til styrarens notat, og ber instituttleiinga sende det vidare til fakultetet.

Sak 11/3/2002 Eventuelt.


Ingeborg Kongslien, Styrar
Kari Winquist, Kontorsjef

Medlemmer som ikkje kan møte, må sjølve innkalle varamedlem.