For ansatte: ILFacta | Styret: Innkallinger og protokoller | Kokebok for fagansvarlige | Sosialt

Referat fra instituttstyremøte 2/2002

Til medlemmer og varamedlemmer i instituttstyret, økonomikonsulenten, studiekonsulentane, arkivet, oppslagstavle ekspedisjonskontoret
Vår referanse KW
12.06 2002

Måndag 10. 06. 2002

TIL STADES:

Instituttstyrar:

Ingeborg Kongslien

Andre representantar for det faste vitskaplege personalet:

Hanne Gram Simonsen
Inger Moen
Asbjørn Brændeland
Tone Gedde

Representant for det åremålstilsette vitskaplege personalet:

Pia Lane

Representant for det administrative og tekniske personalet:

Gunnar Geirhovd

Representant for studentane:

Bjørghild Kjeldsvik
Fredrik Søfteland

Frå administrasjonen

Kari Winquist (sekretær)
Eirik K. Bjertnæs (økonomikonsulent)

Saksliste:

Sak 1/2/2002: Godkjenning av innkalling og sakliste.

Innkalling og saksliste vart godkjende

Sak 2/2/2002: Godkjenning av referat frå instituttstyremøte 1/2002

Referatet vart godkjent med denne merknaden:

Stemmeforklaring til sak 4/1-2002
De økonomiske føringene som er lagt på instituttet er så sterke at instituttstyret i realiteten ikke har noen råderett over budsjettet. Det har etter min mening liten hensikt å stemme for eller imot et budsjettforslag som det ikke finnes alternativ til. Jeg ønsket derfor primært å avholde meg fra å stemme. Ettersom det ble opplyst i møtet at det ikke er anledning til dette, har jeg likevel valgt å stemme for den framlagte årsplan med budsjett.

Tone Gedde

Sak 3/2/2002: Orienteringssaker

Styraren orienterte frå fakultetsstyremøtet 5.6.02. Referatet frå møtet finst på http://www.hf.uio.no/hf-sekr/fak-styr/

Rekneskapsrapport 1. kvartal vart gjennomgått. Styret får ettersendt ein skriftleg rapport før sumaren.

Notat frå kontorsjefen om konsekvensar ved innføring av ny budsjettmodell vart diskutert.

Sak 4/2/2002 Valstyre for val av styrar og varastyrar

Notat frå styraren, datert 5.6.02

Vedtak:
Valstyret for styrar og varastyrarvalet hausten 2002 får fem medlemmer: Asbjørn Brændeland (leiar) og Ingeborg Kongslien for dei vitskaplege, ein representant for dei åremålstilsette, ein representant for dei teknisk/administrativt tilsette og ein studentrepresentant. Representant(ar) for dei tre siste gruppene blir peikte ut av sine respektive grupper. Medlemmene i valstyret får i tillegg ansvar for val av styremedlemmer frå sine eigne grupper.

Sak 5/2/2002 Stimuleringsmidlar - endring av vedtak

Notat frå kontorsjefen, datert 5.6.02

Vedtak:
Stimuleringsmidlane som kjem til utbetaling i 2002, blir fordelte med 75% til instiuttt og 25% til rettleiar.

Sak 6/2/2002 Modular frå fagmiljøa på ILF til Studieprogram i språk og andre studieprogram på HF

Forslag til modular innanfor dei ulike faga på instituttet vart lagde fram for instituttstyret til drøfting og godkjenning.

- Forslag til modular etter denne lista:

Vedtak:
Styret set ned ei arbeidsgruppe med instituttleiinga, Kristian Emil Kristoffersen og ein representant for studentane. Gruppa får fullmakt til å godkjenne (herunder kutte/slå sammen ved overlapping) og samordne modulane med utgangspunkt i dei kommentarane som kom fram i møtet. Arbeidet skal gjerast i samarbeid med den enkelte fagansvarlege.

Sak 7/2/2002 ILF-tenester

Det vart vist til lunsjmøtet på ILF måndag 3. juni 2002 med orientering frå Faltein Karlsen, koordinator for IMK-tenester, om deira organisering av slike tenester og til den etterfølgjande diskusjonen.

- Prosjektbeskrivelse IMK (Institutt for medier og kommunikasjon) tjenester.

Vedtak:
Instituttstyret ber administrasjonen arbeide vidare med tanke på å opprette ILF-tenester etter same modell som IMK. Saka blir lagt fram med tanke på vedtak på møtet i august.

Sak 8/2/2002 Fagleg styring: forskingsleiing og fordeling av ressursar til undervisninga.

- Notat frå styrar, datert 4.6.02

Vedtak:
1. Den faglege styringa skal forankrast i instituttleiinga, ikkje i eit fagleg råd. Instituttleiinga skal utøve slik styring i samarbeid med instituttstyret som det øvste organet for instituttet.

2. Som eit ledd i den faglege styringa skal det stillast klare resultatkrav til forskingsproduksjonen i høve til at han gjev utteljing og at nesten halvparten av arbeidstida går til forsking. Vitskapleg tilsette kan påleggjast å gå inn i forskargrupper.

3. Som eit ledd i den faglege styringa skal undervisningsressursar fordelast etter undervisningsbehova, og det kan innebera omstilling eller utviding av noverande kompetanseområde for den einskilde.

4. Det skal oppnemnast to arbeidsgrupper med tre personar for kvar gruppe for høvesvis undervisning og forsking som skal bistå instituttleiinga med utarbeiing av retningsliner for denne faglege styringa. Instituttleiinga får fullmakt til å oppnemne desse personane. Arbeidet skal avsluttast i løpet av hausten 2002.


MØTET BLIR LUKKA
Vi gjer merksam på at desse sakene er unntatt frå offentlegprinsippet.

Sak 9/2/2002 Komitee for Lasse M. Johannesens søknad om opprykk til førstelektor

- Notat frå styrar, datert 02.06.02

Vedtak:
Instituttleiinga får fullmakt til å oppnemne komiteen. Styret ber om at begge kjønn vert representert.

Sak 10/2/2002 Forskingstermin og termin for fagleg utvikling

- Notat frå styrar, datert 02.06.02
- Søknader

Asbjørn Brændeland forlet møtet under behandling av denne saka.

Vedtak:
Styret finn det vanskeleg å innvilge forskingstermin/termin til fagleg utvikling med den situasjonen instituttet er i. Desse personane får innvilga forskingstermin/termin til fagleg utvikling:

Even Hovdhaugen - perioden 2003 og 2004 på bakgrunn av ein svært god plan med deltaking i to store forskingsprosjekt, og siden han har hatt dekanverv i to periodar.

Asbjørn Brændeland - perioden H03/V04. Ein har tru på at resultatet av terminen vil bli betre undervisning/økte undervisningsressursar innanfor fagmiljøet. Undervisninga på faget blir ikkje ramma ettersom ho vil bli dekt av dei andre på faget uten at det medfører kostnader for instituttet.

Marit Ruud McGhie - perioden 2003. Ho har eit svært godt dr. grads prosjekt, og det er naudsynt at ho får høve til å jobbe med prosjektet samanhengande. Det vart også lagt til grunn at ho er i universitetslektorstilling og ikkje har avsett tid til forsking.

Sak 11/2/2002 Eventuelt

Nytt møte blir fastsett til torsdag 15.august

Ingeborg Kongslien, Instituttstyrar
Kari Winquist, Kontorsjef