For ansatte: ILFacta | Styret: Innkallinger og protokoller | Kokebok for fagansvarlige | Sosialt

Referat fra instituttstyremøte 3/2002

Til medlemmer og varamedlemmer i instituttstyret, økonomikonsulenten, studiekonsulentane, arkivet, oppslagstavle ekspedisjonskontoret
Vår referanse KW
4.09 2002

Torsdag 22. 08. 2002

TIL STADES:

Instituttstyrar:

Ingeborg Kongslien

Andre representantar for det faste vitskaplege personalet:

Hanne Gram Simonsen
Inger Moen
Asbjørn Brændeland
Tone Gedde

Representant for det åremålstilsette vitskaplege personalet:

Pia Lane

Representant for det administrative og tekniske personalet:

Kristin Hagen

Representant for studentane:

Fredrik Søfteland

Frå administrasjonen

Kari Winquist (sekretær)
Eirik K. Bjertnæs (økonomikonsulent)

Sakliste:

Sak 1/3/2002: Godkjenning av innkalling og sakliste.

Innkalling og saksliste vart godkjende

Sak 2/3/2002: Godkjenning av referat frå instituttstyremøte 1/2002

Det har ikkje kome merkander til referatet

Sak 3/3/2002: Orienteringssaker

Styraren orienterte om:

Sak 4/3/2002 Budsjettrevisjon 2002

- Notat frå økonomikonsulent/kontorsjef, datert 12.8.02

Vedtak:
Revidert budsjett med kommentarar blir vedteke med dei endringar som kom fram under møtet. Etter 10. november blir budsjettet disponert av instituttleiinga. Driftsmidlar kan unntaksvis overførast til 2003, men berre etter søknad innan 10. november 2002. Oversikt over inneståande driftsmidlar blir sendt den enkelte i god tid før 10. november.

Sak 5/3/2002 Budsjettframlegg 2003

- Notat frå økonomikonsulent/ kontorsjef, datert 12.8.02

Vedtak:
Budsjettframlegg 2003 blir teke til etterretning. Endeleg budsjett blir vedteke seinare i haust.

Sak 6/3/2002 Modular frå fagmiljøa på ILF, oppfølging av SAK 6/2/2002

Instituttstyret gjekk på møtet 10.06.02 gjennom alle modulforslaga frå fagmiljøa på instituttet og sette ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å gjennomgå og samordne modulane med utgangspunkt i dei kommentarane som kom fram i møtet. I samband med dette arbeidet kom gruppa fram til at ILF bør utvikle eit profesjonsstudium for omsetjing og tolking. Bakgrunnen for eit slikt forslag er erkjenninga av at det finst langt fleire potensielle studentar til eit slikt studium enn dei som vil gå inn på Språkprogrammet, ettersom det er så store behov for kompetanse på desse felta ute i samfunnet. Også ut frå den situasjonen ILF er i, med låg vekttals-/studiepoengsproduksjon og som ledd i omstillingsprosjektet, meiner arbeidsgruppa at eit slikt profesjonsstudium er eit godt forslag. Fakultetsleiinga er gjort kjende med forslaget og stiller seg positive.

Vedtak:
Institutt for lingvistiske fag utarbeider forslag til eit profesjonsstudium i omsetjing og tolking. Arbeidet startar straks; det blir nedsett ei arbeidsgruppe leia av varastyrar. Instituttleiinga får fullmakt til å oppnemne dei andre medlemmene i arbeidsgruppa. Ein tek sikte på å starte opp studiet fom haustsemesteret 2003.

Sak 7/3/2002 Modular i Humanistisk IT

- Framlegg til modular

Vedtak: Modulane blir godkjende med dei kommentarane som kom fram i møtet. Instituttleiinga får fullmakt til å gje endeleg godkjenning.

Sak 8/3/2002 ILF-tenester

- Notat frå kontorsjef, datert 01.08.02.

Vedtak:
ILF tenester blir oppretta som eit prøveprosjekt innanfor omstillingsprosjektet i perioden 1.9.02-31.12.02 med mogleg forlenging. Instiuttleiinga får fullmakt til å tilsetje ein koordinator i 50% stilling i same periode. Styret ber om å få ei første evaluering av prosjektet, med tilråding om eventuell vidare drift, på møtet i desember.

Sak 9/3/2002 Norskundervisninga ved ILF.

- Notat frå instituttleiinga, datert 13.8.02
- Notat frå dei tre arbeidsgruppene

Vedtak:

1. Modular for norskundervisning for utlendingar (Norut og Noriut) blir godkjende med dei kommentarane som kom fram i møtet. Timetallet i undervisningen er det ikkje tatt stilling til.

2. Ressursbruken på norskkursa må kuttes slik at verksemda kjem i balanse. Fagmiljøet utarbeier undervisningsplanar i samråd med instituttleiinga. Undervisningsplanane skal ha verknad f.o.m. våren 03.

3. Instituttleiinga vert beden om å ta initiativ til tiltak som kan gje betre samordning mellom dei miljøa ved UiO som gjev norskundervisning for utlendingar.

4. Instituttleiinga vert beden om å ta opp til drøfting med fakultetsleiinga spørsmål om det vil være tenleg med ei nærare utgreiing, i samarbeid med INL, om å overføra norskundervisninga for utlendingar (Norut, Noriut, evt. også NOA) til INL, eventuelt slå saman ILF og INL i sin heilskap.

Vedtaket var einstemmig med unntak av punkt 4 som vart vedtatt mot ein stemme.

Sak 10/3/2002 Omstillingsarbeidet på ILF

- Notat frå instituttstyrar, datert 16.8.02

Forslag til vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til styrarens notat med dei kommentarane som kom fram i møtet, og ber instituttleiinga sende det vidare til fakultetet.

Sak 11/3/2002 Eventuelt.

Ingen saker.

Ingeborg Kongslien, Styrar
Kari Winquist, Kontorsjef

Merkander til referatet må vera oss i hende innen 17. september