Årsplan for INL 2002

INNLEIING

Årsplanen for Institutt for nordistikk og litteraturvitskap for 2002 følgjer mønsteret som blei etablert førre året med vekt på hovudtiltaka innafor forsking og dokumentasjon, utdanning, formidling og organisasjon. Svært tronge driftsbudsjett gjer elles at ekstra tiltak eller felles tiltak ut over den daglege drifta og dei faste arbeidsoppgåvene, ikkje kan finansierast. Instituttet legg likevel opp til å stø opp om fleire forskingskonferansar, og reknar med stor aktivitet med kurs og konferansar innafor eksternprosjektet Norsk Ordbok 2014.

Forsking og dokumentasjon

Initiativ for å få fram større forskingsprosjekt, særleg i litteraturvitskap, vil bli tatt også i 2002. Det same gjeld for samarbeidsprosjekt over faggrensene. Elles går arbeidet vidare etter langtidsplanar for innsamling og utgjeving av namnemateriale, slik det gjer når det gjeld ordboksutgjevingar. Fleire prosjekt innafor nordisk språkvitskap går vidare, medan Norsk Ordbok 2014 i 2002 vil byrje opptrappingsplanen som skal gjere det mogleg å fullføre ordboka innan jubileumsåret 2014.

Utdanning

Etter mykje arbeid med revisjon av studieplanar og enkel modulisering, vil det største arbeidet og den største utfordringa ved INL vere å utvikle og tilpasse undervisningsfaga i høve til "kvalitetsreformen". Dette er eit arbeid som skjer i nært samarbeid med dei andre faga ved HF, men INL vil i tillegg satse på å utvikle meir yrkesretta variantar av både bachelorgraden og mastergraden. Ein tar elles sikte på at faga ved INL skal vere representerte i mange studieprogam ved HF og i fleire tverrfakultære program. Planane for kurs som møter behova for etter- og vidareutdanning skal sluttførast, med sikte på å kome i gang med slik undervisning frå hausten 2002. Det såkalla "NRK-prosjektet" i allmenn litteraturvitskap vil bli ført vidare; m.a. med sikte på at undervisning i ein modul utarbeidd her skal kunne starte hausten 2002. Målretta undervisningstilbod i ordboksarbeid, for å rekruttere til Norsk Ordbok 2014, vil også bli sett i gang.

Formidling

Det viktigaste arbeidet i 2002 vil vere å utvikle nettsidene for instituttet vidare, og å få sidene for dei tilsette på plass. Dei interne skriftseriane blir ført vidare på nokonlunde same nivå som før. Elles er det eit mål at flest mogleg tilsette aktivt skal formidle frå faga både i nasjonale og internasjonale fora. Eit omfattande internasjonalt nettverk bidrar til slik forskingsformidling, men for eit institutt med norsk språk og litteratur som hovudområde, er det også rimeleg å drive populærvitskapleg verksemd i ulike kanalar.

Organisasjon, personale, infrastruktur

På grunn av opptrappinga av Norsk Ordbok 2014 vil ein måtte sjå på organiseringa ved Seksjon for leksikografi og målføre. Ein må i løpet av året også sjå på den interne fagdimensjoneringa, i høve til studenttal og andre arbeidsoppgåver. Underbudsjetteringa som gjer at vi må halde fleire stillingar ledige, gjer dette nødvendig. Ein reknar ikkje med endringar når det gjeld administrativt tilsette i løpet av året. På grunn av nye korttidsengasjement og fleire nye stipendiatstillingar er romsituasjonen vanskeleg. Ein vil i løpet av året måtte sjå på bruken av areala i 4. etasje HW (Målførearkivet), eventuelt også lesesalområdet i 1. etasje, for å løyse rombehova knytte til NO 2014. Elles reknar instituttet med at verken skrivestuene eller lesesalen for studentane har behov for ekstra løft i 2002.

Tenester

Instituttet vil yte tenester til offentlege og private institusjonanr på same nivå som før, for slik å stille fagleg kompetanse til rådvelde for samfunnet.

Nasjonalt og internasjonalt samarbeid

Instituttet vil halde fram med å ha kontakt og samarbeid med fagmiljø både nasjonalt, innan Skandinavia og internasjonalt. Dette skjer mellom anna via deltaking i SOKRATES/ERASMUS-programmet og gjennom utveksling av gjestestudentar og -forskarar. Gjennom NORDPLUS blir det skandinaviske samarbeidet ført vidare, slik også samarbeidet med Baltikum går vidare. ALLEX-prosjektet er det største internasjonale samarbeidsprosjektet ved INL. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom UiO, Göteborgs Universitet og University of Zimbabwe, med føremål å lære opp leksikografar, drive språkplanlegging og utarbeide ordbøker i det sørlege Afrika. INL deltar også i eit nytt nordisk nettverk, SPINN (Språkteknologi og informasjonssøking i Norden), eit tverrfagleg forskarnettverk med deltaking frå dei skandinaviske landa og Island.

Prioriterte oppgåver

Den største utfordringa ved INL i 2002 gjeld studiereformen; kanskje særleg arbeidet med å utvikle modular og sette dei saman i gode program på bachelornivå. Men det er også viktig å utvikle nye studietilbod for mastergraden. Undervisningsopplegga må reviderast slik at dei

nye krava til studiekvalitet kan oppfyllast. INL må starte opp med kurs i etter- og vidareutdanning, om ei vurdering av ressursssituasjonen tilseier at det let seg gjere. Sjølv om Norsk Ordbok 2014 blir skilt ut som eksternprosjekt, er det ei stor oppgåve for INL i 2002 å kome fort i gang med nysatsinga.

Stillingar

Vitskaplege

Ramma for internt finansierte heile stillingar er 51. I tillegg til dette har vi to stillingar som er finansierte av Kulturdepartementet.

Almenningen, Olaf førsteamanuensis (eksternt finansiert)

Andersen, Per Thomas professor

Bache-Wiig, Harald førsteamanuensis

Berge, Kjell Lars professor

Bjørkum, Andreas professor (til 31.03.02)

Bliksrud, Liv professor

Bø, Gudleiv professor

Eithun, Bjørn amanuensis

Fehr, Drude von der professor Fjeld, Ruth Vatvedt

professor

Faarlund, Jan Terje professor

Grønvik, Oddrun førsteamanuensis (eksternt finansiert)

Guttu, Tor førsteamanuensis

Hageberg, Arnbjørg førsteamanuensis (50 %)

Hageberg, Otto professor

Hanssen, Eskil førsteamanuensis

Hareide, Jorunn professor

Harsson, Margit amanuensis (50 % stilling)

Helleland, Botolv førsteamanuensis

Haarberg, Jon førsteamanuensis

Iversen, Irene professor

Jørgensen, Jon Gunnar professor

Killingbergtrø, Laurits førsteamanuensis

Kruken, Kristoffer førsteamanuensis

Lie, Svein professor (permisjon til 31.07.02)

Melberg, Arne professor

Myhren, Magne amanuensis

Nordenfors, Ola førsteamanuensis

Nordlie, Sigurd amanuensis (80 %)

Ottosson, Kjartan professor (forskingskoordinator)

Oxfeldt, Elisabeth universitetslektor (frå 01.08.02)

Papazian, Erik førsteamanuensis

Reinton, Ragnhild professor

Rindal, Magnus professor (permisjon til 30.4.02)

Rønning, Anne Birgitte førsteamanuensis

Schmidt, Tom førsteamanuensis

Simensen, Erik førsteamanuensis

Skei, Hans professor

Skomedal, Trygve amanuensis

Steinfeld, Torill professor (prodekan)

Stene-Johansen, Knut professor

Svensen, Åsfrid professor (60 %)

Torp, Arne førsteamanuensis

Vannebo, Kjell Ivar professor

Vikør, Lars professor

Vinje, Finn-Erik professor

Wangensteen, Boye amanuensis

Worren, Dagfinn førsteamanuensis

Professor II:

Engelstad, Irene

Myhren, Dagne Groven (til 28.2.03)

Engasjerte:

Bale, Kjersti (til 30.06.02)

Refsum, Christian (til 31.12.02)

Ørjasæter, Kristin (til 31.12.02)

Forskingsterminar:

Andersen, Per Thomas (vår og haust)

Iversen, Irene (haust)

Reinton, Ragnhild (vår)

Vannebo, Kjell Ivar (vår og haust)

Stipendiatar (Sluttdatoane kan bli endra på grunn av permisjonar, sjukemeldingar o.l.):

Garmann, Nina Gram

til 04.11.04

Hadebe, Samukele

til 30.06.02

Langeland, Henrik

til 11.04.04

Larsen, Janike Kampevold

til 13.06.02

Lauvstad, Hanne

til 11.07.04 (75 %)

Mawema, Moreblessings

til 30.06.02

Mberi, Edgar

til 31.03.02

Norheim, Torstein

til 31.08.03

Ommundsen, Åse Marie

til 31.07.04

Røyneland, Unn

til 30.11.02 (80 %)

Skolseg, Ellen

til 30.06.03 (80 %)

Tønnesson, Johan

til 30.09.03

Wetås, Åse

til 31.10.04

Post doktor:

 

Enger, Hans-Olav

til 30.06.03

Sakshaug, Laila

til 31.07.04

 </TD>

 

Vitskaplege assistentar/forskingsassistentar:

 

Andersen, Hege Langballe

til 30.06.02 (20 %)

Egebakken, Inger

til 30.06.02 (40 %)

Svardal, Terje

til 31.03.02

Administrative stillingar:

Fast tilsette:

Bergh-Smith, Christine førstesekretær, 50 % stilling

Engø, Anne avdelingsingeniør

Halderaker, Liv-Anne konsulent

Holm, Elisabeth førstesekretær

Nesje, Sigrid førstekonsulent (vikar studiekonsulent til 31.12.02)

Samdal, Gro førstekonsulent

Thyness, Mons konsulent

Wingerei, Ellen førstekonsulent (vikar kontorsjef til 31.12.02)

Eksternt finansiert:

Harildstad, Gudmund førstesekretær, Norsk Ordbok

Sivilarbeidar ved Seksjon for namnegransking:

Myrvoll, Klaus Johan

Ledige stillingar

Ved inngangen til 2002 sto desse vitskaplege stillingane heilt eller delvis ledige ved INL:

1. Professorat i norrønt (SNO)

2. Professorat i nynorsk litteratur (SNO)

3. Professorat i nordisk språkvitskap (SNO) – permisjon

4. Professorat i nordisk språkvitskap (SLM) – permisjon (stillinga blir borte ved ledigheit)

5. Sendelektorat i islandsk (SNO)

6. Sendelektorat i dansk (SNO)

To av stillingane skal i høve til fagdimensjoneringa frå 1999, bort ved SNO. Sendelektor i dansk er tilsett frå 1. august 2002. I vårsemesteret blir det nytta timelærar. Fire tilsette har reduserte stillingar (50 %, 50 %, 60 % og 80 %). I fagdimensjoneringa som er vedteken, skal stillingsmassen (51 heile stillingar og tre professor II-stillingar) reduserast med 2,6 stillingar i løpet av ein femårsperiode. I tillegg kjem ei stilling som er overførd til Ibsen-senteret.

I administrasjonen er desse stillingane ledige:

1. Kontorsjef

2. Førstekonsulent

FORSKING OG DOKUMENTASJON

Instituttet vil i 2002 føre vidare arbeidet for å få fram gode søknader om forskingsprosjekt i litteraturvitskap, samstundes som fleire språkvitskaplege prosjekt blir førte vidare. Ein vil og gi støtte til søknader om Sentre for fremragende forskning. Innsamlings-, dokumentasjons- og ordboksarbeidet går vidare som før. Dessutan vil opptrappinga av arbeidet med Norsk Ordbok ta til for alvor, med ei stor løyving frå Kulturdepartementet.

Mål 1.

Vidareføre forskingsprosjekt og planlegge igangsetting av nye prosjekt

1.1

Tiltak: Utarbeide søknader om større forskingsprosjekt i litteraturvitskap

Ansvarleg: Styrar i samarbeid med SAL og SNO

Kostnad: Fastlønn

1.2

Tiltak: Vurdere søknader om Sentre for fremragende forskning

Ansvarleg: Styrar

Kostnad: Fastlønn

1.3

Tiltak: Vidareføre prosjektet "Talemålsendring i Norge"

Ansvarleg: Arne Torp

Kostnad: Fastlønn

1.4

Tiltak: "Frå gammalnorsk til nynorsk"

Ansvarleg: Jan Terje Faarlund

Kostnad: NFR + fastlønn

1.5

Tiltak: "Norsk sakprosa 2000-2003"

Ansvarleg: Kjell Lars Berge

Kostnad: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

1.6

Tiltak: Forskarutdanning/forskarnettverk i diskursanalyse/tekstlingvistikk

Ansvarleg: Kjell Lars Berge

Kostnad: NorFa

1.7

Tiltak: "Kvalitetsssikring av læringsutbyttet i norsk skriftlig"

Ansvarleg: Kjell Lars Berge, Frøydis Hertzberg (ILS), Lars S. Evensen (NTNU)

Kostnad: NFR og SUE

1.8

Tiltak: SPINN – Nordisk nettverk for tverrspråklig informasjonssøking

Ansvarleg: Ruth V. Fjeld (i samarbeid med Center for Sprogteknologi i København og Språkdata ved Göteborgs Universitet)

Kostnad: NorFa

1.9

Tiltak: Norsk SIMPLE-leksikon

Ansvarleg: Ruth Vatvedt Fjeld og Boye Wangensteen

Kostnad: Fastlønn

1.10

Tiltak: Redigering og oppdatering av Bokmålsordboka i nytt redigeringsprogram

Ansvarleg: Boye Wangensteen og Ruth Vatvedt Fjeld

Kostnad: Fastlønn

1.11

Tiltak: Elektronisk tekstarkiv. Utlegging av ferdig materiale på nettet

Ansvarleg: SLM/Bokmål og nynorsk i samarbeid med MusPro

Kostnad: Fastlønn

1.12

Tiltak: Vidareføre prosjektet "Short Fiction"

Ansvarleg: Hans H. Skei (i samarbeid med IBA)

Kostnad: Delfinansiering frå INL

Mål 2.

Arrangere forskingskonferansar

2.1

Tiltak: Seksjonsseminar SAL: "Dikt og tanke"

Ansvarleg: A.B. Rønning og Arne Melberg

Kostnad: INL

2.2

Tiltak: Jubileumskonferanse INL/Bymålslaget

Ansvarleg: Ruth Vatvedt Fjeld

Kostnad: Delfinansiering frå INL

2.3

Tiltak: Konferanse om ny norsk dramatikk

Ansvarleg: Drude von der Fehr og Jorunn Hareide

Kostnad: Delfinansiering frå INL

2.4

Tiltak: Doktorgradskurs i datamaskinell leksikografi/datalingvistikk

Ansvarleg: Ruth Vatvedt Fjeld i samarbeid med Center for Sprogteknologi i København og Språkdata ved Göteborgs Universitet

Kostnad: NorFa + delfinansiering INL

2.5

Tiltak: Den sjuande nordiske leksikografikonferansen, Ørsta 2003

Ansvarleg: Ruth V. Fjeld og Dagfinn Worren i samarbeid med Nordisk foreining for leksikografi

Kostnad: Fastlønn

Mål 3.

Vidareføre innsamlingsarbeidet og dokumentasjonen av ord, målføre og namn

3.1

Tiltak: Innsamling av bustadnamn i Hedmark og Oppland

Ansvarleg: SNA

Kostnad: Fastlønn

3.2

Tiltak: Djupinnsamling av stadnamn i utvalde kommunar

Ansvarleg: SNA

Kostnad: Fastlønn

3.3

Tiltak: Samordning av databasar

Ansvarleg: SNA

Kostnad: Fastlønn

3.4

Tiltak: Oppbygging av tekstkorpus for moderne bokmål og nynorsk

Ansvarleg: SLM v/ Ruth V. Fjeld og Boye Wangensteen (bm), Lars S. Vikør og Oddrun Grønvik (nyn)

Kostnad: Fastlønn

3.5

Tiltak: Innsamling av nyord frå elektroniske avistekstar

Ansvarleg: SLM v/ Boye Wangensteen

Kostnad: Fastlønn

3.6

Tiltak: Supplering, bearbeiding og tilpassing av setelarkivet til Norsk Ordbok

Ansvarleg: SLM (nynorsk) og MusPro ved Lars Jørgen Tvedt

Kostnad: Fastlønn

3.7

Tiltak: Digitalisering av lydband ved Norsk Målførearkiv

Ansvarleg: SLM v/ Andreas Bjørkum i samarbeid med MusPro

Kostnad: Norsk Kulturråd + delfinansiering frå INL

3.8

Tiltak: Digitalisering av Storm-synopsisen og dialektkart ved Norsk Målførearkiv

Ansvarleg: SLM v/ Andreas Bjørkum i samarbeid med MusPro

Kostnad: Fastlønn + ekstern finansiering

3.9

Tiltak: Heimskringlaprosjektet

Ansvarleg: Kjartan Ottosson (SNO) og Erik Simonsen (SLM)

Kostnad: Fastlønn

Mål 4.

Publisere forskingsresultat frå alle fagområde ved instituttet

4.1

Tiltak: Oppretting av nettutgåve av Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Ansvarleg: SLM

Kostnad: Norsk Språkråd + delfiniansiering INL

4.2

Tiltak: Fullføring og utgjeving av band IV av Norsk Ordbok (hefte 5)

Ansvarleg: Redaksjonsstaben v/ Lars S. Vikør

Kostnad: Fastlønn + eksternløyving + 60 000 i tilførte midlar frå Allex-prosjektet

4.3

Tiltak: Gje ut ordbok over norske nyord i perioden 1976-2000

Ansvarleg: SLM v/ Tor Guttu i samarbeid med Norsk Språkråd

Kostnad: Fastlønn

4.4

Tiltak: Tilrettelegging av band 1-4 av Norsk Ordbok til bruk i ein digital versjon

Anvarleg: SLM, nynorsk, i samarbeid med MusPro

Kostnad: Fastlønn

4.5

Tiltak: Samarbeid om å lage ei norsk-bulgarsk ordbok

Ansvarleg: SLM v/ Ruth V. Fjeld

Kostnad: Fastlønn

4.6

Tiltak: Utgjeving av L. Hallagers norske ordsamling frå 1802 med det latinske alfabetet

Anvarleg: Lars S. Vikør

Kostnad: Fastlønn + prentestønad

4.7

Tiltak: Omsetjing og utgjeving av Oslo bylov

Ansvarleg: SLM v/ Bjørn Eithun

Kostnad: Fastlønn

4.8

Tiltak: Utgje skriftseriar og årsrapportar ved dei ulike seksjonane ved INL (Ord om ord, Talatrosten, Nytt om namn, Norskrift, Skriftserie for litteraturvitenskap)

Ansvarleg: SAL, SLM, SNA, SNO

Kostnad: INL (publikasjonar)

4.9

Tiltak: Vidare arbeid med Bustadnamn i Østfold, bind 5 (Rygge) og bind 6 (Askim)

Ansvarleg: SNA

Kostnad: Fastlønn

4.10

Tiltak: Gje ut boka Stedsnavn i Kjose

Ansvarleg: SNA

Kostnad: Ekstern prentestønad

4.11

Tiltak: Konferanserapport frå MONS-konferansen 2001

Ansvarleg: Arne Torp

Kostnad: Fastlønn + overskot konferanse

4.12.

Tiltak: Kongeranserapport frå "Det litterære feltet i Norge ca 1850-1900"

Ansvarleg: Otto Hageberg

Kostnad: Fastlønn + overskot konferanse

UTDANNING

Instituttet skal gje undervisning på alle nivå i faga allmenn litteraturvitskap, nordisk språk og litteratur og norrøn filologi. Dessutan blir det gitt tilbod om undervisning i islandsk, kjønn og kultur, leksikografi og nordisk barne- og ungdomslitteratur. I 2002 vil mykje reformarbeid måtte gjennomførast slik at alle fag blir moduliserte og ordna i studieprogram i høve til dei krava studiereformen med bachelor- og mastergrad stiller. Faga ved INL vil vere med i dei fleste studieprogramma som blir sette i verk ved fakultetet. Arbeidet med etter- og vidareutdanning går vidare. Det same gjeld det nasjonale samarbeidsprosjektet om undervisning i litteraturvitskap (grunnfagsnivå).

Mål 5.

Revidering av studieplanar

5.1

Tiltak: Gjennomføring av studiereformen (modulisering, studieprogram) på alle nivå i faget allmenn litteraturvitskap

Ansvarleg: Seksjonsleiar og styrar

Kostnad: Fastlønn

5.2

Tiltak: Gjennomføring av studiereformen (modulisering, studieprogram) på alle nivå i faget nordisk språk og litteratur

Ansvarleg: Seksjonsleiar + styrar

Kostnad: Fastlønn

5.3

Tiltak: Utvikle nye studiemodular (20 studiepoeng) i leksikografi

Ansvarleg: Ruth V. Fjeld og Lars S. Vikør

Kostnad: Fastlønn

5.4

Tiltak: Utarbeide studiemodul i eldre litteratur for litteraturvitskap (NRK-prosjektet)

Ansvarleg: Jon Haarberg

Kostnad: Ekstern finansiering

5.5

Tiltak: Utvikle studiemodul(ar) for Kjønn og kultur i høve til studiereformen

Ansvarleg: SAL

Kostnad: Fastlønn

Mål 6.

Betre studiekvaliteten ved å legge om til nye undervisnings- og evalueringsformer

6.1

Tiltak: Seminar for nye hovudfagstudentar ved SAL og SNO, vår og haust

Ansvarleg: Seksjonsleiarane

Kostnad: Driftsmidlar INL

6.2

Tiltak: Revidere undervisnings- og evalueringsformer i høve til studiereformen

Ansvarleg: Styrar + seksjonsleiarar ved SAL og SNO

Kostnad: Fastlønn

Mål 7.

Etter- og vidareutdanning, nettbasert undervisning

7.1

Tiltak: Vidareføring av nettbasert undervisning i nordisk hovudfag

Ansvarleg: SLM, SNA og SNO

Kostnad: Fastlønn

7.2

Tiltak: Vurdere og eventuelt sette i gang kurs i norsk språk under etter- og vidareutdanningsreformen (mot betaling)

Ansvarleg: SNO

Kostnad: Fastlønn

7.3

Tiltak: Vidareutvikle databasar slik at dei blir tilgjengelege for forsking, studium og fjernundervisning

Ansvarleg: SLM, SNA

Kostnad: Fastlønn

7.4

Tiltak: Igangsetting av første del av "NRK-prosjektet" i litteraturvitskap

Anvarleg: Jon Haarberg

Kostnad: Ekstern finansiering

Mål 8.

Utvikling av lærebøker, kompendier o.l.

8.1

Tiltak: Gje ut revidert billegutgåve av Dikt fra antikken til vår tid

Ansvarleg: Jon Haarberg og Hans H. Skei

Kostnad: Fastlønn

8.2

Tiltak: Førebuande arbeid til ei lærebok i leksikografi

Ansvarleg: Ruth V. Fjeld og Lars S. Vikør

Kostnad: Fastlønn

FORMIDLING

Instituttet skal drive formidling på brei basis innafor alle fagområda det omfattar og gjennom ulike kanalar (foredrag og kurs, radio- og TV-innslag, artiklar i aviser, tidsskrift og bøker). Informasjon og formidling via nettet er eit satsingsområde.

Mål 9.

Halde forelesingar og kurs for å formidle faga ved instituttet

9.1

Tiltak: Delta på fagleg-pedagogisk dag

Ansvarleg: Seksjonsleiar SAL og SNO

Kostnad: Fastlønn

9.2

Tiltak: Vurdere framhald av "Lørdagsforum" eller liknande tilbod

Ansvarleg: SNO

Kostnad: Fastlønn

Mål 10.

Publisere artiklar, kronikkar, meldingar, omtalar o.l. i same omfang som tidlegare år

Mål 11.

Auke satsinga på formidling og informasjon via Internettet

ORGANISASJON, PERSONALE, INFRASTRUKTUR

Instituttstrukturen vil ikkje bli endra i 2002. Administrativt personale vil vere som før. Ombygging/oppussing for å skaffe lokale til nye medarbeidarar ved Norsk Ordbok må gjennomførast i samarbeid med HF. AFP-ordningar vil bli vurdert, og nytilsettingar ved Seksjon for nordisk språk og litteratur sett i lys av dette. Instituttet vil gå inn for å få tilsett i mellombels stillingar (4 år) der det nå er eitt-årige tilsettingar ved Seksjon for allmenn litteraturvitskap.

Mål 12.

Tiltak som gjeld vitskaplege stillingar

12.1

Tiltak: Oppfølging av evalueringa av Norsk Målførearkiv

Ansvarleg: Styrar + seksjonsleiar SLM

Kostnad: Fastlønn

12.2

Tiltak: Skilje ut Norsk Ordbok 2014 som eksternprosjekt

Ansvarleg: Styrar

Kostnad: Fastlønn

12.3

Tiltak: Vurdere seksjonsinndelinga ved INL i høve til studiereformen

Ansvarleg: Styrar

Kostnad: Fastlønn

Mål 13.

Tiltak som gjeld administrative stillingar.

13.1

Tiltak: Vurdere administrative ressursar i høve til studiereformen og dei krav om studentoppfølging den stiller

Ansvarleg: Styrar og kontorsjef

Kostnad: Fastlønn

Mål 14.

Arbeidstilhøva for den einskilde medarbeidar

14.1

Tiltak: Medarbeidarsamtaler etter ønske og behov

Anvarleg: Styrar

Kostnad: Fastlønn

Mål 15

Vedlikehalde infrastrukturen ved instituttet

15.1

Tiltak: Planlegge for dei nye arealbehova som Norsk Ordbok 2014 har

Ansvarleg: Styrar + Styret for NO2014

Kostnad: Fastlønn

Publisert 5. sep. 2008 05:57 - Sist endret 18. juni 2010 14:47