Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

HHS/ESW 09.02.04

 

 

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

 

 

 

REFERAT FRÅ STYREMØTE MÅNDAG  9. FEBRUAR 2004

 

 

 

Til stades:         Hans H. Skei (møteleiar), Ruth Vatvedt Fjeld, Botolv Helleland, Knut Stene-Johansen, Arne Torp (frå sak 2), Dagfinn Worren, Ragnhild Reinton, Svein Lie, Åse Marie Ommundsen, Mons Thyness, Liv-Anne Halderaker, Janne Gro Rygg, Åshild Søfteland, Gro Samdal (sak 1 og 2), Ellen Wingerei (referent)

 

 

 

SAK 01/04

 

 

 

  1. Referat frå styremøte 24. november vart godkjend. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste.

 

 

  1. Orienteringssaker

 

 

 

Personalsaker

 

 

  • Tone Selboe er tilsett som førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap frå 01.08.04.

 

 

  • Frode Helland er tilsett som førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap frå 01.08.04.

 

 

  • Mari Risdal Otnes er engasjert som programsekretær for Program for litteraturstudium og Program for estetiske studium i 100% stilling i perioden 01.01.04 – 31.12.04.

 

 

  • Pauline Munch Eriksen er engasjert som konsulent i administrasjonen i 50% stilling i perioden 01.01.04 – 31.12.04 for å arbeide med studiesaker.

 

 

  • Trond Haugen er engasjert som universitetslektor ved SAL i 100% stilling i perioden 01.01.04 – 30.06.04.

 

 

  • Leif Høghaug er engasjert som universitetslektor ved SAL i 100% stilling i perioden 01.01.04 – 30.06.04.

 

 

  • Johan Tønnesson er engasjert som universitetslektor ved SNO i 60% stilling i perioden 01.01.04 – 30.06.04.

 

 

  • Unn Røyneland er engasjert som universitetslektor ved SNO i 80% stilling i perioden 01.01.04 – 30.06.04.

 

 

  • Erik Eikeland er engasjert som vitskapeleg assistent ved SLM i 40% stilling i perioden 01.01.04 – 29.02.04 for å ferdigstille digitaliseringa av lydband ved Målførearkivet.

 

 

  • To stipendiatar frå University of Zimbabwe er tilsett på Allex-prosjektet frå januar 04 og har arbeidsplass ved INL: Emmanuel Chabata og Langa Khumalo.

 

 

  • Bjørn Eithun har sagt opp stillinga si som amanuensis frå 01.05.04 for å gå over til full alderspensjon.

 

 

  • Ola Nordenfors har sagt opp stillinga si som svensklektor frå 01.08.04.

 

 

  • Anne Birgitte Rønning har etter søknad til instituttleiaren fått utsett sin forskingstermin frå haustsemesteret 2004 til vårsemesteret 2005.

 

 

Anna

 

 

  • Johan Tønnesson har levert inn avhandlinga Tekst som partitur eller Historievitenskap som kommunikasjon: Nærlesning av fire historikertekster skrevet for ulike lesergrupper og har bede om å få avhandlinga vurdert for graden doctor artium. Instituttet har gjort framlegg om denne komiteen: Førsteamanuensis Karen Gammelgaard, Institutt for østeuropeiske og orientalske studier, Universitetet i Oslo, professor Finn Frandsen, Handelshøjskolen i Århus, og professor Hans Fredrik Dahl, Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo. Gammelgaard er foreslått til å administrere komiteen.

 

 

  • Instituttet fekk ikkje høve til å lyse ut mellombels stilling som universitetslektor i yrkesretta litteraturformidling (Sak 43/03). Stillinga blir difor lyst ut som førsteamanuensisstilling og er ei av dei to stillingane instituttet fekk frå fakultetet av kvalitetsreformmidlar. Utlysingsteksten er sendt styret til orientering.

 

 

  • Den andre stillinga instituttet fekk av kvalitetsreformmidlar, er ei stilling i litterær estetikk. Denne vil bli lyst ut med det første. Utlysingsteksten vil bli sendt styret til orientering. Begge stillingane er faste og skal også framover finansierast av kvalitetsreformmidlar.

 

 

  • Universitetsstyret vedtok organisasjonsendringar i juni 03 som skulle setjast ut i livet frå årsskiftet 2004. I samband med dette vart det også vedteke nye normalreglar for fakultet og institutt. Nytt fakultetsstyre er valt ut ifrå det nye reglementet, medan institutta ved HF har fått utsetje nyvalet til den nye instituttstukturen er på plass. Nye normalreglar for institutta vart vedtekne i fakultetsstyret i haust og ligg ved til orientering.

 

 

  • Instituttet fekk avslag på søknaden til Fritt ord om delfinansiering av ei professor II-stilling i leksikografi. Instituttleiaren vil drøfte andre moglege løysingar med seksjonsleiaren ved SLM.

 

 

 

 

SAK 02/04

 

 

Årsplan og budsjett

 

 

 

Sakspapir:                    Utkast til årsplan

 

 

                                    Utkast til budsjett med notat

 

 

                                   

 

 

Vedtak:                        Styret sluttar seg til framlegget til årsplan og budsjett med dei endringane til årsplanen som kom fram i møtet.

 

 

 

SAK 03/04

 

 

Søknad om trykkestøtte

 

 

 

Sakspapir:                    Søknad frå Drude von der Fehr og Jorunn Hareide om trykkestøtte til Tendensar i moderne norsk dramatikk.

 

 

                                    Konsulentvurdering

 

 

 

Framlegg til vedtak:       Styret løyver kr 30 000 i trykkestøtte til prosjektet.

 

 

 

SAK 04/04

 

 

Søknad om støtte til Jon Fosse-arrangement hausten 2004

 

 

 

Sakspapir:                    Søknad frå Informasjonsavdelinga

 

 

 

Vedtak:                        INL bidrar med fagleg innhald, og går ikkje inn med økonomisk stønad ut over dette.

 

 

 

SAK 05/04

 

 

Nye studieemne ved INL

 

 

 

Sakspapir:                    Notat frå studiekonsulenten med vedlegg

 

 

 

Vedtak:                        Styret sluttar seg til innhaldet i NOR4001 med den endringa som kom fram i møtet og til innhaldet i NOR1000, og ber om at emna blir sendt fakultetet for godkjenning.

 

 

 

SAK 06/04

 

 

Møtedatoar i 2004

 

 

 

Vedtak: 15. mars, 26. april og 7. juni.

 

 

 

SAK 07/04

 

 

Ymse

 

 

Styret vart orientert om at fakultetet arbeider med planar om å flytte NO2014, SLM og SNA til mellombels lokale i Veglaboratoriet.

 

Publisert 5. sep. 2008 05:59 - Sist endret 13. nov. 2011 20:33