styrereferat INL 02.09.02

REFERAT FRÅ STYREMØTE 2. SEPTEMBER 2002

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Til stades: Hans H. Skei (møteleiar), Anne-Birgitte Rønning, Per Thomas Andersen, Eskil Hanssen, Jorunn Hareide, Botolv Helleland, Laurits Killingbergtrø, Gudleiv Bø, Olaf Almenningen, Hans-Olav Enger, Mons Thyness, Liv-Anne Halderaker, Hilde Melby, Maria Brandt Skoglund, Janne Gro Rygg, Ellen Wingerei (referent)

SAK 25/02

a)Godkjenning av referat frå styremøte 3. juni, innkalling og sakliste.

Referatet frå møtet 3. juni vart godkjent. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste.

b)Orienteringssaker

Personalsaker

  • Aina Nøding er tilsett i 50% stilling som konsulent i administrasjonen frå 1. august og ut året for å arbeide med studiereforma.
  • Bjørn Eithun har gått over i 60 %stilling frå 1. august.
  • Elisabeth Løvlie er tilsett som post doctorstipendiat ved HF-fakultetet på prosjektet På sporet av en sekulær-religiøs undring. En litteraturteoretisk analyse av forholdet mellom religiøs undring i moderne sekulær tenkning og jansenismens språksyn og religiøse refleksjon, og tar til i stillinga 15.oktober.
  • Nina Gram Garman gjekk ut i svangerskapspermisjon 1. august.
  • Anne Engø har søkt permisjon frå stillinga som avdelingsingeniør ved SLM til 31.07.03.

Desse er tilsette som forskingsassistentar ved Norsk Ordbok 2014:

- Anne Engø, Helge Gundersen, Terje Svardal og Oddmund Vestenfor frå 1. juni, Kåre Skadberg frå 8. august og Ålov Runde (80%) frå 1. september. Knut E. Karlsen er tilsett utan utlysing i 50% stilling frå 01.09.02 til 30.11.02 og i 100% stilling frå 01.12.02 til 28.02.03. Dessutan er Eli Ellingsve tilsett frå 1. juni og Øyalf Endresen frå 5. august med arbeidsplass ved NTNU.

Anna

  • INL har sendt over framlegg til mastergradsprogram i nordisk litteraturvitskap, nordisk språkvitskap, allmenn litteraturvitskap og litteraturformidling til koordineringsgruppa ved fakultetet. Framlegga ligg ved til orientering.
  • Fakultetsstyret vedtok i juni å lyse ut seks universitetslektorstillingar for tre år i seks fag ved HF-fakultetet. Allmenn litteraturvitskap får den eine stillinga. Stillinga er utlyst med søknadsfrist 27. august.
  • Herbert Chimhundu vil opphalde seg ved instituttet som gjesteforskar ved Allex-prosjektet i perioden 16.09 til 14.12.
  • Val av styrar for perioden 2003-2006 skal vere avgjort innan 15. oktober. Val av varastyrar for same periode skal vere avgjort innan 7. november.
  • INL har sendt inn det første framlegget til budsjettinnspel for 2003 til fakultetet.
  • INL har sendt inn framlegg om lærarutdanningsprogram i nordisk språk og litteratur til koordineringsgruppa ved UiO.

SAK 26/02

Økonomisk oversyn

Sakspapir: Rekneskapsrapport pr 31.07.02 og justert budsjett vart lagt fram og kommentert i møtet.

Vedtak: Styret tar rekneskap pr 31.07.02 og justert budsjett til orientering.

SAK 27/02

Studiereforma – modular til BA-graden

Sakspapir: Modular i allmenn litteraturvitskap, nordisk språk og litteratur, islandsk, leksikografi og namnegransking.

Vedtak: Styret sluttar seg til det arbeidet som er gjort med modular ved INL. Med dei merknadene som kom fram i møtet kan desse sendast vidare til fakultetet for endeleg godkjenning.

SAK 28/02

Oppnemning av komité for å vurdere søknader til stillinga som universitetslektor i allmenn litteraturvitskap

Sakspapir: Innan fristen 27. august var det 18 søkjarar til stillinga. Forenkla søkjarliste er sendt styret til orientering.

Vedtak: Styret gir styraren fullmakt til å oppnemne sakkyndig komité for å vurdere søknadene til stillinga som universitetslektor i allmenn litteraturvitskap.

SAK 29/02

Søknad frå Kjersti Bale om trykkestøtte

Sakspapir: Søknad med kalkyle frå Pax forlag

Notat frå styraren

Fråsegn frå Jon Haarberg

Vedtak: Trykkestøtte blir innvilga med kr 30 000.

SAK 30/02

Ymse

Ingen saker var meldt.

Hans H. Skei, styrar

Ellen Wingerei, kontorsjef

Publisert 5. sep. 2008 05:58 - Sist endret 18. juni 2010 14:48