styrereferat INL 02.12.02

INSTITUTT FOR NORDISTIKK OG LITTERATURVITSKAP

REFERAT FRÅ STYREMØTE 2. DESEMBER 2002

Til stades: Hans H. Skei (møteleiar), Anne Birgitte Rønning, Eskil Hanssen, Jorunn Hareide, Ruth Vatvedt Fjeld, Botolv Helleland, Laurits Killingbergtrø (sak 39-41), Hanne Lauvstad, Sigrid Nesje, Mons Thyness, Frøydis Eriksen, Hege Hellum, Ola Uvaas, Ellen Wingerei (referent)

SAK 39/02

Godkjenning av referat frå styremøte 14. oktober, innkalling og sakliste

Referatet vart godkjent. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste.

Det vart meldt ei ekstrasak: SAK 45/02 Oppnemning av styrerepresentantar frå NTNU til Norsk Ordbok 2014.

Orienteringssaker

Personalsaker

  • Åsfrid Svensen har sagt opp stillinga si som professor med verknad frå 01.01.03.
  • Sigrid Nesje har fått forlenga tilsetjing som studiekonsulent til 31.12.03
  • Ellen Wingerei har fått forlenga tilsetjing som kontorsjef til 31.12.03.
  • Elisabeth Oxfeldt har fått opprykk til førsteamanuensis etter ekvivalensvurdering av PhD-grad frå USA.

Anna

  • Dokumentasjonsprosjektets etterorganisasjon ved HF-fakultetet har no endra namn til ”Enhet for digital dokumentasjon ved HF”.
  • Moreblessings Chitauro Mawena og Samukele Hadebe har fullført Dr.Art.-utdanninga ved UiO og reiser no attende til Universitetet i Zimbabwe for å ta graden der. Tittel på avhandling: Moreblessings Mawena: Gender Sensitivity in Shona Language Use. A lexicographic and corpus-based study of words in context. Samukele Hadebe: The standardisation of the ndebele language through dictionary-making.
  • Det er søkt om kvotefinansiering frå hausten 2003 til Dr. Art.-programmet for tre nye kandidatar som er knytte til ALLEX-prosjektet.
  • Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening ønskjer ei sterkare institusjonalisering av sakprosaen som forskings- og undervisningsdisiplin ved UiO og foreslår at det blir oppretta ei stilling knytta til INL som over ein treårsperiode kan finansierast med midlar frå foreininga. Føresetnaden er at UiO overtar finansieringa av stillinga og gjer den permanent når treårsperioden er omme.
  • Tilsetjing i ledig stilling i nordisk litteratur og i ei ny stilling i allmenn litteraturvitskap vil bli drøfta i samband med endeleg budsjetthandsaming på nyåret.

SAK 40/02 Førebels budsjettframlegg for 2003

Sakspapir:

Notat frå kontorsjefen

Førebels budsjettframlegg

Vedtak: Styret tar førebels budsjettframlegg til orientering og ber om at framlegg til endeleg budsjett blir lagt fram i neste møte.

SAK 41/02 Førsteamanuensisstilling i allmenn litteraturvitskap

Sakspapir:

Utlysingstekst

Fråsegn frå den sakkunnige komitéen

Framlegg til innstilling frå intervjugruppa

Vedtak: Styret innstiller i samsvar med fråsegner frå den sakkunnige komiteen og frå intervjugruppa:

Kjersti Bale

Erik Bjerck Hagen og Lars Nylander

SAK 42/02 Styrehonorar til medlemmene av styret i Norsk Ordbok 2014

Sakspapir: Notat frå prosjektdirektør Kristin Bakken

Vedtak: Styret sluttar seg til konklusjonen i Bakkens notat og vedtek at styreleiar og styremedlemmer som ikkje er tilsette ved UiO eller NTNU blir honorerte etter Statens satsar for godtgjersle til styremedlem med dei timetala som prosjektdirektøren har stipulert. Styrehonorara vert utbetalte av NO2014 i desember kvart år. Ordninga gjeld frå det tidspunktet styremedlemmene vart utnemnde.

SAK 43/02

Oppnemning av representant og vararepresentant til styret for Senter for Ibsenstudier

Sakspapir: Notat frå historisk-filosofisk fakultet av 20.11.02

Vedtak: Styret oppnemner Liv Bliksrud som instituttets representant med Jon Haarberg som personleg vararepresentant for perioden 01.01.03 – 31.12.05.

SAK 44/02 Høyringsutkast for ny nynorsknorm

Sakspapir:

Brev frå Norsk språkråd av 30.10.02

Høyringsfråsegn utarbeidd av Dagfinn Worren og Trygve Skomedal til høyringsnotatet Nynorskrettskrivinga. Utgreiing om og framlegg til revisjon av rettskrivinga i nynorsk.

Vedtak: Høyringsfråsegna blir send Norsk språkråd på vegne av instituttet.

SAK 45/02

Ekstrasak: Oppnemning av styrerepresentantar frå NTNU til Norsk Ordbok 2014

Vedtak: Styret oppnemner førsteamanuensis Randi Alice Nilsen som representant til styret i NO2014 med professor Brit Mæhlum som vararepresentant.

SAK 46/02 Ymse

Ingen saker var melde.

HHS/ESW

Publisert 5. sep. 2008 05:58 - Sist endret 18. juni 2010 14:48