referat 03.06.02 INL

REFERAT FRÅ STYREMØTE 3. JUNI 2002

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Til stades:

Hans H. Skei (møteleiar), Anne Birgitte Rønning, Per Thomas Andersen, Gudleiv Bø, Jorunn Hareide, Ruth Vatvedt Fjeld, Botolv Helleland, Laurits Killingbergtrø, Mons Thyness, Jan O. Henriksen, Hilde Melby, Maria Brandt Skoglund, Sigrid Nesje.

Referent: Sigrid Nesje

SAK 19/02

a) Godkjenning av referat frå styremøte 15. april, innkalling og sakliste

Referatet frå møtet 15. april vart godkjent. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste.

b) Orienteringssaker

Personalsaker

  • Anette Lundeby startar i stipendiatstillinga 1. juni istadenfor 1. august.
  • Thorstein Norheim og Åse Wetås vil få tilbod om å delta i fakultetets pilotprosjekt med arbeidsplikt for stipendiatar for å fremje studiekvalitet.
  • Hege Langballe Andersen har fått forlenga tilsetjing som forskingsassistent i 20 % stilling på prosjektet "Norsk Sakprosa 2000-2003" til 31.12.02.
  • Øystein Baardsgaard blir tilsett som forskingsassistent i 40 % stilling på prosjektet "Frå gamalnorsk til nynorsk" frå 01.08.02 til 31.12.02.
  • Kjersti Bale vil få forlenga tilsetjing som vikar i førsteamanuensisstilling ved Seksjon for allmenn litteraturvitskap til 31.12.02.
  • Ruth Vatvedt Fjeld er vald som leiar for Norsk ordbank. Tiltaket blir administrativt knytt til INL.
  • Kristin Bakken er tilsett som prosjektdirektør ved Norsk Ordbok 2014. For dei andre stillingane som er lyste ut ved prosjektet, skjer tilsetting i møte i fakultetet sitt arbeidsutval 12.6.
  • Vedtektene for Norsk Ordbok 2014 blir fremja som eiga sak i Kollegiet. Dette blir gjort fordi prosjektet sine vedtekter vil avvike frå normalreglementet ved UiO med omsyn til tilsettingsprosedyrar m.m.

Anna

  • Fakultetet får sine budsjettrammer for 2003 etter kollegiehandsaming i juni, og institutta må levere budsjettinnspel til fakultetet innan 19. august.
  • Kollegiet har løyvd 1 million kroner til drift av prosjektet NO2014 for 2002.
  • Marius Wulfsberg har levert inn avhandlinga Det litterære rommet. En studie i Stéphane Mallarmés og Maurice Blanchots forfatterskap for vurdering til graden doctor artium.
  • Ei arbeidsgruppe leia av Asbjørn Rødseth har lagt fram ei innstilling om undervisningsplikt og undervisningsrekneskap ved UiO. Styraren utarbeider høyringsnotat i samarbeid med seksjonsleiarane for undervisningsseksjonane innan fristen 20. juni.
  • INL har søkt om å få ei førsteamanuensisstilling eller tilsvarande med sikte på å begynne med etter- og vidareutdanningstiltak innanfor norsk språk. Målet er at stillinga skal bli sjølvfinansierande i løpet av nokre få år.
  • HF-fakultetet har eit overskott frå 2001. Av dette vil 3 millionar kroner bli fordelt til institutta etter vanleg fordelingsnøkkel, og INL kan rekne med omlag 4-500 000 kroner.

SAK 20/02 Møteplan for hausten 2002

Vedtak: Møteplan for hausten 2002: 2. september, 14. oktober og 2. desember.

SAK 21/02 Ny finansieringsmodell, budsjett for INL 2003, inntening og stillingar

Sakspapir: Notat frå styraren

Vedtak: Styret går inn for å tilsette ein ny førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap frå 1.1.03, og å opprette ei mellombels stilling i målførevitskap i løpet av 2003 dersom økonomien ved instituttet gjer dette mogleg.

SAK 22/02 Om Norsk Riksmålsordbok og Seksjon for leksikografi og målføre

Sakspapir: Notat frå Ruth Vatvedt Fjeld

Notat frå styraren

Vedtak: Styret sluttar seg til konklusjonen i styrarens notat med følgande endring: Olaf Almenningen sitt namn blir bytt ut med formuleringa: seksjonsleder ved SLM.

Vedtaket får etter dette følgjande ordlyd: Styreren får i oppdrag å utforme et skriv til KKD der vi går imot at det bevilges midler til å etablere en stor ordbok ved en privat institusjon, utenfor fagmiljøene ved universitetene. Skrivet formes slik at vi ikke blokkerer for at et stort ordboksprosjekt i forlengelsen av NRO legges til UiO. Styreren konsulterer Ruth Vatvedt Fjeld og seksjonsleder ved SLM ved utarbeidelsen av dette skrivet.

SAK 23/02 Oppnemning av representant frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Styret for NO2014

Det kongelege kultur- og kyrkjedepartement har gjort framlegg om at Sigve Gramstad blir deira representant i styret. Dei har ikkje foreslått vararepresentant.

Vedtak: Styret ved INL oppnemner Sigve Gramstad som KKDs representant i Styret for Norsk Ordbok 2014.

SAK 24/02 Feriefullmakt

Vedtak: Styraren får fullmakt til å avgjere løpande saker i den tida styret ikkje kan kallast saman sommaren 2001.

Blindern 03.06.02

Hans H. Skei, styrar

Sigrid Nesje

referent

Publisert 5. sep. 2008 05:58 - Sist endret 18. juni 2010 14:48