referat styremøte 04.03.2002 INL

REFERAT FRÅ STYREMØTE 4. MARS 2002

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

HHS/ESW

REFERAT FRÅ STYREMØTE 4. MARS 2002

Til stades: Hans H. Skei (møteleiar), Anne Birgitte Rønning, Eskil Hanssen, Jorunn Hareide, Ruth Vatvedt Fjeld, Botolv Helleland, Laurits Killingbergtrø, Hans Olav Enger, Anne Engø, Sigrid Nesje, Jan O. Henriksen, Hilde Melby, Maria Brandt Skoglund, Gro Samdal (sak 07/02 og sak 08/02), Ellen Wingerei (referent)

SAK 07/02:

a) Godkjenning av referat frå styremøte 14. januar, innkalling og sakliste.

Referatet frå møtet 14. januar vart godkjend. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste.

b) Orienteringssaker

Personalsaker

  • Magnus Rindal har fått forlenga permisjon til 30.04.04.
  • Andreas Bjørkum har søkt avskil i nåde fra stillinga som professor i norsk målføre frå 30. mars 2002 då han går av med alderspensjon.
  • Elisabeth Oxfeldt er tilsett i det ledige dansklektoratet frå 1. august 2002.
  • Anette Lundeby er tilsett som stipendiat på prosjektet ”Diakron syntaks: Ordstillingsendringer i norske leddsetninger fra ca 1350 – til ca 1900” frå 1. august 2002.
  • Aslaug Veum er tilsett som stipendiat på prosjektet ”Journalisten som forteljar – samanheng mellom tekstinterne og teksteksterne tilhøve i norske avistekster” frå 1. september 2002.
  • Gro Samdal går ut i svangerskapspermisjon i månadskiftet april/mai. Stillinga er utlyst som eitt års vikariat.

Anna

  • Stillinga som prosjektdirektør/ prosjektleiar på NO 2014 er lyst ut på nytt med søknadsfrist 26.02.
  • Til dei seks stillingane som forskingsassistentar ved NO 2014 var det kome 37 søknader då søknadsfristen gjekk ut 12.02.
  • Professor Tor Erik Jenstad ved NTNU er tilsett som redaktør på NO 2014 i 50% stilling i eitt år frå 01.03.02.
  • Desse er oppnemnde som sakkyndig komité for å vurdere søkjarane til den ledige førsteamanuensistillinga i allmenn litteraturvitskap: Professor Eva Hættner Aurelius, Lund, professor Atle Kittang, UiB og professor Hans H. Skei, UiO. Skei vil administrere komiteen.
  • Cand.philol. Nina Alnæs har levert inn avhandlinga ”Varulv om natten. Henrik Ibsen – folketro og folkediktning” for vurdering til graden doctor philosophiae. INL er bedne om å oppnemne komité. Desse har sagt ja til å sitje i komitéen og er foreslått for fakultetet: Professor Olav Solberg, Høgskulen i Telemark, professor Vigdis Ystad, IBSENsenteret, professor Jørgen Dines Johansen, Syddansk universitet, Odense. Ystad vil administrere komitéen.
  • Revidert budsjett med notat var sendt ut til orientering.

SAK 08/02: Årsrapport og rekneskap 2001

Sakspapir: Framlegg til årsrapport og rekneskap

Vedtak: Styret godkjenner årsrapport og rekneskap for 2001 med dei merknadene som kom fram i møtet.

SAK 09/02: ”Sluttpakke” ved avgang

Sakspapir: Notat frå styraren

Vedtak: Styret ved INL sluttar seg til prinsippet om at ein skal kunne forhandle om avgang med arbeidstakarar som fyller 67 år, og eventuelt tilby ein mindre sluttpakke i form av at dei får behalde kontoret ei avgrensa tid og får eit mindre beløp til drift.

SAK 10/02: Vedtekter for styret for Norsk Ordbok 2014

Sakspapir: Framlegg til vedtekter

Vedtak: Styret ved INL godkjenner vedtektene for styret for Norsk Ordbok 2014.
Framlegget vart vedteke mot ei røyst (Ruth Vatvedt Fjeld røysta imot).

SAK 11/02: Oppnemning av styremedlemmer for Norsk Ordbok 2014

Sakspapir: Notat frå Hans H. Skei vart lagt fram på møtet.

Vedtak: Styret ved INL sluttar seg til framlegga til representantar i NO 2014-styret:
Det Norske Samlaget: Eli Fiskvik (vara: Audun Heskestad),
NO-redaksjonen: Lars S. Vikør (vara: Olaf Almenningen),
Sentraladmin. UiO: Yngve Sjøgren Foss (vara: Grete Starheim),
IKT-miljøet ved HF: Oddrun Rangsæter (vara: Øyvind Eide).
Styret nemner dessutan opp Jan Terje Faarlund som vararepresentant frå INL (Magnus Rindal vart oppnemnd som styreleiar i møte 12.01.01).

Styraren får fullmakt til å oppnemne styremedlem med varamedlem etter framlegg frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Oppnemning av styremedlem/varamedlem for samarbeidande fagmiljø skjer seinare i tråd med framlegget ovafor.

Vedtak: Framlegga vart vedtekne mot ei røyst (Ruth Vatvedt Fjeld røysta imot).

SAK 12/02: Fordeling av arbeidsoppgåver – omorganisering av Underseksjon for nynorsk leksikografi ved SLM

Sakspapir: Notat frå styraren

Vedtak: Styraren får i fullmakt å forhandle med dei tilsette ved nynorskseksjonen ved SLM ut frå prinsippa som ligg til grunn i notatet til styret, dagsett 21.01.01.

SAK 13/02: Eventuelt

Det var ingen saker under Eventuelt.

Publisert 5. sep. 2008 05:58 - Sist endret 18. juni 2010 14:48