referat 140102. INL

REFERAT FRÅ STYREMØTE 14. januar 2002

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Til stades: Hans H. Skei (møteleiar), Anne Birgitte Rønning, Per Thomas Andersen, Eskil Hanssen, Jorunn Hareide, Ruth Vatvedt Fjeld, Botolv Helleland, Laurits Killingbergtrø, Ellen Skolseg, Anne Engø, Sigrid Nesje, Odd Eirik Færevåg, Frøydis Eriksen, Jørund Nymoen, Vidar Lynghammar, Gro Samdal (Sak 02/02) Ellen Wingerei (referent)

SAK 01/02

Godkjenning av referat frå styremøtet 26. november, innkalling og sakliste

Referatet frå møtet 26. november vart godkjent. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste. Styraren melde ei ekstrasak, 05/02.

Orienteringssaker

Personalsaker

  • Jon Gunnar Jørgensen tok til som professor i norrøn litteratur 01.01.02.
  • Kristin Ørjasæter og Christian Refsum er engasjerte frå 01.01.02 til 31.12.02 som førstelektorar ved SAL på ekstraløyving frå fakultetet.
  • Inger Egebakken er engasjert som forskingsassistent i 40% stilling på prosjektet ”Frå gamalnorsk til nynorsk” frå 01.01.02 til 30.06.02.
  • Hege Langballe Andersen har fått forlenga tilsetjing som forskingsassistent i 20% stilling på prosjektet”Norsk Sakprosa 2000-2003” til 30.06.02.
  • Terje Svardal har fått forlenga tilsetjing som forskingsassistent på prosjektet ”Norsk Ordbok” til 30.03.02.
  • Gro Samdal arbeider i 100% stilling frå 01.01.02.

Anna

  • Utkast til høyringsfråsegn frå Historisk-filosofisk fakultet til ”Evalueringsrapporten om exphil./exfac og forslag til nytt innhold og struktur” blir send alle tilsette til orientering.
  • Då søknadsfristen gjekk ut 2. januar, var det kome 9 søknader til den utlyste stillinga i allmenn litteraturvitskap.
  • Status for prosjektet Norsk Ordbok 2014: Kulturdepartementet har løyvd 5,3 mill. til lønn. Det er førebudd ei kollegiesak om driftsmidlar til prosjektet. Stillinga som prosjektdirektør er under utlysing.

SAK 02/02

Årsplan og budsjett 2002

Sakspapir: Framlegg til årsplan og budsjett

Vedtak: Styret godkjenner årsplan og budsjett for 2002. Styraren får fullmakt til eventuelt å justere budsjettet når rekneskapen for 2001 er avslutta. Nytt budsjett blir lagt fram for styret på neste møte.

SAK 03/02

Universitetslektoratet i islandsk

Sakspapir: Notat frå Jon Gunnar Jørgensen, 03.12.01

  • Notat frå Kjartan Ottosson, 04.12.01
  • Notat frå Arne Torp, 10.12.01
  • Notat frå styraren med framlegg til vedtak, 04.01.02
  • Notat frå Ulfar Bragason, 04.01.02

Vedtak: Instituttet svarar på breva frå dei tre tilsette ved INL og brevet frå Stofnun Sigurðar Nordals med kopi til fakultetet, og seier seg leie for at islandslektoratet ikkje blir vurdert på nytt i denne omgang. Ved framtidig fagdimensjonering ved INL vil denne stillinga, saman med alle andre, bli tatt opp til ny vurdering.

SAK 04/02

Oppnemning av styreleiar for prosjektet Norsk Ordbok 2014

Sakspapir: Notat frå Hans H. Skei med framlegg til vedtak, 04.01.02

Vedtak: Styret ved INL nemner opp Magnus Rindal som styreleiar for Norsk Ordbok 2014.

SAK 05/02

Førsteamanuensisstilling i allmenn litteraturvitskap – oppnemning av sakkyndig komité

Sakspapir: Notat frå styraren med oversikt over søkjarane

Vedtak: Styret ved INL gir styraren fullmakt til å nemne opp sakkyndig komité for å vurdere søkjarane til den ledige stillinga som førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap.

Blindern 15.01.2002

Hans H. Skei

bestyrer

Ellen Wingerei

kontorsjef

Publisert 5. sep. 2008 05:58 - Sist endret 18. juni 2010 14:48