styrereferat INL 14.10.02

REFERAT FRÅ STYREMØTE 14. oktober 2002

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Til stades: Hans H. Skei (møteleiar), Anne Birgitte Rønning, Per Thomas Andersen, Eskil Hanssen, Ruth Vatvedt Fjeld, Botolv Helleland, Laurits Killingbergtrø, Ellen Skolseg, Sigrid Nesje, Mons Thyness, Maria Brandt Skoglund, Janne Gro Rygg, Ellen Wingerei (referent)

SAK 32/02

a) Godkjenning av referat frå styremøte 2. september, ekstra styremøte 23.september, innkalling og sakliste.

Referata vart godkjende. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste.

b) Orienteringssaker

Personalsaker

Magne Myhren har søkt om å få gå over i 60% stilling frå 01.01.03.

Åshild Haugsland er tilsett i 40% stilling i perioden 01.09.02 – 31.12.02 i vikariatet etter Anne Engø. Resten av stillinga blir dekt ved at vi kjøper tenester frå Tekstlaboratoriet/ILF ut året.

Leiv Hellebø er engasjert som assistent i 100% stilling på NO2014 til 28.02.03.

Cecilie Hauglund er engasjert som assistent i 50% stilling på NO2014 til 31.12.02.

Anna

Stillingskomiteen for å vurdere søkjarane til den utlyste førsteamanuensstillinga ved allmenn litteraturvitskap har sluttført arbeidet sitt.

Styraren har på fullmakt frå instituttstyret oppnemnt denne komiteen for å vurdere søkjarane til den utlyste universitetslektorstillinga i allmenn litteraturvitskap. Professor Stefanie von Schnurbein, Humboldt Universität, Berlin, professor Erik Bjerck Hagen, Universitetet i Bergen og professor Knut Stene-Johansen, Universitetet i Oslo. Stene-Johansen vil administrere komiteen.

Fagutvalet ved allmenn litteraturvitskap har utarbeidd eit notat om studiereforma. Notatet følgjer vedlagd til orientering.

Etter tilråding frå Arnold Dalen (jf. evaluering av Målførearkivet) overleverte INL 11.09.02 ei samling brev til Amund B. Larsen (fire arkivkassettar) til Håndskriftsamlingen ved Nasjonalbiblioteket representert ved Oddvar Vasstveit. Olaf Almenningen og Kristoffer Kruken sto saman med styraren for overleveringa.

Det er sett i gang arbeid med skaffe fleire arbeidsplassar for NO2014 i 4. etasje HW. Dette vil skje ved ei omorganisering av Målførearkivet. Arbeidet skal vere ferdigstilt før nyttår og skal ta omsyn til at alt materialet framleis skal vere tilgjengeleg.

Fakultetsstyret har godkjent eit førebels budsjett for 2003 der eitt av prinsippa har vore at ingen institutt skal få lågare tildeling enn i 2002. For INL inneber dette ein auke på 1,7%, i underkant av 500 000 kroner.

SAK 33/02: Søknad frå Jon Gunnar Jørgensen om forskingspermisjon

Sakspapir: Notat frå styraren

Vedtak: Jon Gunnar Jørgensen får innvilga forskingspermisjon på forskot hausten 2003 under føresetnad av at han får til ein utvekslingsavtale for våren 2004.

SAK 34/02: Søknad frå Arne Melberg om trykkestøtte for å supplere løyving frå NFR til tysk utgåve av Montaigne-bok

Sakspapir: Søknad frå Arne Melberg med budsjett

Tildelingsbrev frå Noregs forskingsråd (NFR)

Notat frå styraren

Vedtak: Styret løyver kr 25 000 for å sikre utgjevinga av Arne Melberg: Ein Versuch,Montaigne zu lesen.

SAK 35/02: Søknad frå Gyldendal Litteratur om trykkestøtte for å gi ut Ståle Dingstad, De litterære strategier. En studie i Knut Hamsuns realisme

Sakspapir: Søknad frå Gyldendal Litteratur

Notat frå styraren

Vedtak: Styret ved INL løyver kr 20 000 for å sikre utgjevinga av Ståle Dingstads Hamsun-studie.

SAK 36/02:

Søknad frå Det Norske Samlaget om støtte til Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen

Sakspapir: Søknad frå Det Norske Samlaget

Notat frå styraren

Vedtak: Styret ved INL avslår søknaden frå Det Norske Samlaget om ei løyving på kr 30 000 for å sikre utgjevinga av Ivar Aasens Norsk Ordbog.

SAK 37/02: Utlysing av stilling i nordisk litteraturvitskap

Sakspapir:

Notat frå seksjonsleiar SNO

Notat frå styraren

Vedtak: Styret ved INL sluttar seg til framlegget om å lyse ut ei førsteamanuensisstilling i nordisk litteraturvitskap med sikte på tilsetjing frå 01.08.03 dersom økonomien ved instituttet gjer dette mogleg.

SAK 38/02: Ymse

Ingen saker var melde.

Hans H. Skei, styrar

Ellen Wingerei, kontorsjef

Publisert 5. sep. 2008 05:58 - Sist endret 18. juni 2010 14:48