referat 150402. INL

REFERAT FRÅ STYREMØTE 15. april 2002

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Til stades: Hans H. Skei (møteleiar), Anne Birgitte Rønning, Per Thomas Andersen, Eskil Hanssen, Jorunn Hareide (ikkje under sak 15/02), Ruth Vatvedt Fjeld, Botolv Helleland, Laurits Killingbergtrø, Hans Olav Enger (ikkje ved avstemminga under sak 17/02), Anne Engø (ikkje ved avstemminga under sak 17/02), Sigrid Nesje, Jan O. Henriksen, Hilde Melby, Hanna Marit Aas.

SAK 14/02

a)Godkjenning av referat frå styremøte 4. mars, innkalling og sakliste

Referatet frå møtet 4. mars vart godkjent. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste. Styraren melde ei ekstrasak: SAK17/02.

b)Orienteringssaker

Personalsaker

  • Martin Heitmann er engasjert i vikariat som økonomikonsulent medan Gro Samdal har fødselspermisjon.
  • Svein Lie er tilbake i professorstilling frå 1. august 2002 etter å ha hatt permisjon sidan 1.1.2001.

Anna

  • Ståle Dingstad har fått godkjend avhandlinga De litterære strategier. En studie i Knut Hamsuns realisme og disputerer for graden doctor artium 15. juni 2002.
  • Etter framlegg frå instituttet har fakultetet oppnemnd følgjande komité for å vurdere Nina Alnæs’ avhandling ”Varulv om natten. Henrik Ibsen – folketro og folkediktning” til graden doctor philosophiae: Professor Jørgen Dines Johansen, Odense, professor Olav Solberg, Bø og professor Vigdis Ystad, Oslo.
  • INL er eitt av fem institutt ved fakultetet som har fått tilbod om å la to som er stipendiatar i sentrale fag i skoleverket delta i eit prosjekt med pliktarbeid for å fremje studiekvalitet.
  • Olaf Almenningen er vald som vararepresentant til instituttstyret etter Anderas Bjørkum for perioden 15.04.02 – 31.12.02. For same perioden har dei administrativt tilsette valt Sigrid Nesje som fast representant etter Ellen Wingerei, med Mons Thyness som vara. Oppdatert liste følgjer vedlagd.

SAK 15/02

Søknad om forskingstermin 2003

Sakspapir: Notat frå styraren

Vedtak: Styret ved INL innvilgar forskingstermin etter søknad til

Hareide, Jorunn, SNO: haust 2003

Steinfeld, Torill, SNO: vår 2003

Stene-Johansen, Knut, SAL: vår/haust 2003

Ottosson, Kjartan, SNO: haust 2002/vår 2003

SAK 16/02

Studiereforma – studieprogram der modular frå innstituttets fag inngår

Sakspapir:

  • Studieprogram i litteratur
  • Studieprogram i språk
  • Studieprogram i antikk kultur og klassisk tradisjon
  • Studieprogram i estetikk
  • Studieprogram i middelalderstudiar
  • Studieprogram i tverrfagleg kvinne- og kjønnsforsking
  • Studieprogram om Norden (framlegg frå INL)
  • Oversyn over modular i allmenn litteraturvitskap
  • Oversyn over modular i nordisk språk
  • Oversyn over modular i nordisk litteratur

Førebels studieplanar for den enkelte modul er lagt ut på denne nettadressa:

http://www.hf.uio.no/studiereform/Modulbank/index.html

Vedtak: Styret sluttar seg til det arbeidet som er gjort med studieprogram og modular ved INL. Styraren får i oppdrag å føre arbeidet ved instituttet vidare, og ta omsyn til merknader og kommentarar som kom fram i møtet.

SAK 17/02

Justering av vedtektene for Norsk Ordbok 2014

Sakspapir: Notat frå styraren med framlegg til vedtak vart lagt fram på møtet

Vedtak:

Vedtektene for styret for Norsk Ordbok 2014 blir endra slik at siste setning i punkt 5

i vedtektene – ”Tilsettingane følgjer UiOs regelverk” – går ut. Framlegget vart vedteke med

10 mot 2 stemmer.

SAK 18/02

Eventuelt

Ingen saker var melde.

Hans H. Skei, styrar

Ellen Wingerei, kontorsjef

Publisert 5. sep. 2008 05:58 - Sist endret 18. juni 2010 14:48