referat 29.01.01. INL

REFERAT FRÅ STYREMØTE 29. JANUAR 2001
KL 09.15 I SEM.ROM 322 HW

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, UiO


Til stades: Hans H. Skei (møteleiar), Anne-Birgitte Rønning, Per Thomas Andersen, Eskil Hanssen, Jorunn Hareide, Ruth Vatvedt Fjeld, Botolv Helleland, Laurits Killingbergtrø, Helge Gundersen, Anne Engø, Sigrid Nesje, Janicken von der Fehr, Frøydis Eriksen, Gro Samdal (under sak 03/01), Ellen Wingerei (referent)

SAK 01/01

a) Godkjenning av referat frå styremøte 18. desember, innkalling og sakliste

Referat frå møte 18. desember vart godkjent. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste.

b) Orienteringssaker:

Personalsaker

  • Ellen Wingerei vikarierer som kontorsjef frå 1.1.2001 til 30.06.2001
  • Sigrid Nesje vikarierer som studiekonsulent frå 1.1.2001 til 30.6.2001
  • Terje Svardals tilsetjing som forskingsassistent ved Norsk Ordbok er forlenga til 30.03.2001
  • Drude von der Fehr har fått opprykk til professor med verknad frå 1.5.1999

Anna

  • Anne Kari Skardhammer disputerer for graden doctor artium laurdag 17. februar. Prøveførelesingane vert haldne fredag 16. februar.
  • Undersøkinga ”Rekruttering til språkfagene – Studentundersøkelse høsten 2000” ligg føre og kan sjåast hos Liv-Anne Halderaker.
  • Instituttet har leigd ut eit kontor til Erik Knain fram til 30.juni i år. Knain arbeider med prosjektet ”Valg, vurdering og kvalitetsutvikling av lærebøker” og er knytt til Høgskolen i Vestfold.

SAK 02/01

Møteplan for våren 2001

Sakspapir: Framlegg til revidert møteplan for våren 2001

Vedtak: Den reviderte møteplanen vart godkjend. Møta finn stad 5. mars, 2. april og 28. mai.

SAK 03/01

Årsplan og budsjett for 2001

Sakspapir: Framlegg til årsplan og førebels budsjett

Notat frå styraren om ”Årsplan for 2001”

Notat frå styraren om budsjettet for 2001

Vedtak:

  1. Styraren får fullmakt til i samarbeid med seksjonsleiarane å vurdere tiltaka i årsplanen. Årsplanen blir revidert på grunnlag av diskusjonen på møtet og lagd fram i styremøte 5. mars.
  2. Styret godkjenner det framlagde budsjettet for 2001. Eit revidert budsjett blir lagt fram i styremøte 5. mars.

SAK 04/01

Professorat i norrøn filologi – fråsegn frå sakkunnig komité

Sakspapir: Stillingsomtale og utlysingstekst

Framlegg til fråsegn (konfidensiell)

Vedtak: Styret innstiller i samsvar med framlegget.

SAK 05/01

Forprosjektrapporten ”Norsk Ordbok 2014”

Styret vedtok 23.10.00, sak 54/00: Forprosjektrapporten ”Norsk Ordbok 2014” med tekstkritiske merknader blir sendt ut på høring til Redaksjonen for Norsk Ordbok, Nemnda for Norsk Ordbok, Det Norske Samlaget, Norsk Språkråd og Styret for dokumentasjonsprosjektets etterorganisasjon.

Sakspapir:

Forprosjektrapporten datert 20.09.

Fråsegner frå:

  • Redaksjonen for Norsk Ordbok
  • Nemnda for Norsk Ordbok
  • Det Norske Samlaget
  • Noregs Mållag
  • Museumsprosjektet

Notat frå styraren

Vedtak: Styret ved INL går inn for hovudpunkta i forprosjektrapporten ”Norsk Ordbok 2014”. Styret seier seg nøgd med den støtte planane får i alle høringsfråsegner. Styret går vidare inn for at NO blir organisert som eit sjølvstendig prosjekt under INL, med eige styre. Styret rår også til at prosjektet får ein fagleg leiar (hovudredaktør) som har eit overordna ansvar både fagleg og administrativt. Styraren får i oppdrag å drøfte spørsmålet om organisasjonsmåte med dekanus ved HF ut frå dei modellane som ein nyttar ved UiO i dag.

SAK 06/01

Honorering av bi-rettleiar til hovudfag

Sakspapir: Notat frå Seksjon for allmenn litteraturvitskap

Notat frå styraren

Vedtak: Styraren godkjenner bi-rettleiar ved å skrive under på rettleiingskontrakten. I kontrakten blir bi-rettleiarens arbeidstid fastsett til 10 timar. Arbeidet blir honorert når studenten leverer inn hovudoppgåva.

SAK 07/01

Eventuelt

Ingen saker.


Blindern, 29.01.01

Hans H. Skei, instituttstyrar

Ellen Wingerei, kontorsjef

Publisert 5. sep. 2008 05:59 - Sist endret 18. juni 2010 14:48