Nytt dialektkorpus med 3,5 mill ord

LIA norsk - korpus av eldre dialektopptak inneheld nesten 3,5 millionar ord ytra av 1374 personar frå 226 kommunar i Noreg.

Les meir om LIA-prosjektet og søk i korpuset

Les brukarrettleiinga for LIA norsk

Bildet kan inneholde: rød, oransje, tekst, font, linje.

Talespråkskorpuset LIA norsk inneheld opptak og transkripsjonar frå fire universitet: NTNU, UiB, UiO og UiT frå perioden 1937 - 1996. Korpuset inneheld også materiale frå Målførearkivet ved UiO som tidlegare var å finne i Nordisk dialektkorpus. Korpuset er morfologisk tagga med ein nyutvikla talemålstaggar for nynorsk: LIA-taggaren.

Den nye versjonen av Nordisk dialektkorpus (v. 4.0) har norske opptak frå 2006 - 2012. 

Søk i Nordisk dialektkorpus v. 4.0

LIA norsk er eitt av resultata frå infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible), som er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket.

 

 

Publisert 13. sep. 2019 16:04 - Sist endret 13. sep. 2019 16:18