Toril Opsahl

Presentasjon 

(scroll down for English)

Kven er du?

Eg har sidan 2014 vore førsteamanuensis i Nordisk språk med vekt på norsk som andrespråk her ved ILN. Før dette arbeidde eg i fem år som redaktør i prosjektet Norsk Ordbok 2014. For tida er eg tilknytt Multiling senter for fleirspråklegheit, og i haust starta eg opp som leiar for eit NFR-finansiert prosjekt om andrespråkskommunikasjon blant polakkar i Noreg. Eg har òg ei toarstilling ved NTNU, der eg forskar på genus. Eg er leiar for det sentrale valstyret ved HF, og eg fungerte som ILN sin forskingsleiar i perioden 2015 til 2017. Eg har tidlegare erfaring frå ILN-styret som representant for dei mellombels vitskapleg tilsette (som stipendiat i 2008 og som forskar i 2010). Før eg valde forskarvegen, arbeidde eg som lektor i vidaregåande skule og vaksenopplæring.

ILN er ein plass eg kjenner svært godt, og som eg har blitt veldig glad i opp gjennom åra. Erfaring frå ulike stillingskategoriar, verv og leiaroppgåver ved instituttet har gjort at eg har utvikla god organisasjonsforståing, evne til å sjå heilskap og til å sjå moglegheiter. Eg er opptatt av at ein held fast ved arbeidsmåtar som har vist seg å fungere godt, men at ein samstundes må vere open for nye måtar å løyse oppgåver på.

Viktig i styreperioden?

ILN er eit institutt prega av mangfald, og ein styrerepresentant lyt vere medviten om at ho representerer ei breitt samansett gruppe med ulike syn og prioriteringar. Nett no er verda ustabil, og det er vanskeleg å planleggje for framtida. I slike tider er universitetsdemokratiet viktigare enn nokon gong. Fleire endringar har allereie skjedd, og fleire vil kome, som vil påverke arbeidskvardagen vår, både i forsking og undervisning (nokre stikkord er digital undervising, usikker økonomi, open forsking og publisering, berekraft). Eg er særleg opptatt av styret si rolle i:

  • å skape føreseielege og mest mogleg stabile vilkår for forskings- og undervisningsverksemda til den einskilde vitskapleg tilsette
  • å sørge for god informasjonsflyt mellom den einskilde tilsette og ulike styringsnivå
  • å balansere omsyn til tidlegare strategiske val mot tilpassing for framtida i avgjerder om stillingsplanar og intern organisering
  • å bidra til at administrasjonen har ei kjensle av deleigarskap til forskings- og undervisningsverksemda ved instituttet, slik at dei vitskaplege tilsette får god støtte i arbeidet sitt
  • å finne rom og moglegheiter i UiO 2030-strategien til å utvikle ILN til ein endå betre plass å undervise, forske og formidle på og frå

EN

Since 2014 I have been employed as Associate professor of Nordic languages with an emphasis on Norwegian as a second language here at ILN. I came from a position as Editor on the project Norsk Ordbok 2014. I am currently affiliated to the Center of Excellence MultiLing, and this fall I embarked as PI on an RCN financed project on L2 communication among Poles in Norway. I also hold an additional position at NTNU where I do research on grammatical gender. I am Head of the Faculty’s Election Board, and I served as ILNs Head of Research between 2015 and 2017. I have previous experience from the Department board as elective for the temporary staff in 2008 (as Doctoral research fellow) and 2010 (as researcher). Before I chose a career in research, I worked as a teacher in upper secondary school and adult education.

ILN is a place I know well, and that I have grown very fond of over the years. Experience from different positions, commitments of trust and leadership roles has increased my understanding of the organisation, my ability to see the whole picture and to point to solutions. In my opinion it is important to hold on to good traditions and best practice, but at the same time one needs to be open to new ideas and alternative solutions.

The Department is characterized by diversity, and a Board representative must appreciate that she represents a diverse group with different opinions and priorities. Right now, the world is unstable, and it is difficult to plan for the future. In times like these, the University democracy is more important than ever. Several changes have already been made, and more will come, directly influencing our everyday research and teaching practice (some key words are digital teaching, financial uncertainty, open research and publication, sustainability). I am especially concerned with the Board’s role in:

  • creating as predictable and stable conditions as possible for the research and teaching practices of the individual member of the scientific staff
  • creating an open information flow between the individual employee and the different levels of decision making
  • consider both previous strategic choices and necessary adjustments for the future when making decisions regarding new positions and internal organization
  • contributing to a sense of ownership to research and teaching practices among the administrative staff, so that the scientific staff gets the best possible support
  • detecting room and possibilities in the UiO 2030 strategy for developing ILN into an even better place for teaching, research and dissemination

 

Ansattside

Publisert 27. nov. 2020 09:40 - Sist endret 27. nov. 2020 09:41