Sverre Stausland Johnsen

Presentasjon

Hvem er du?

Eg er professor i nordisk språkvitskap, og har vore på ILN sidan 2016. Før eg kom til ILN var eg nestleiar på Institutt for språkfag på Høgskulen i Buskerud og Vestfold (no Universitetet i Søraust-Noreg).

Eg har sete i fakultetsstyret på HF før.

Hva mener du er viktig å fokusere på i den kommende styreperioden?

Det neste styret skal vedta ny stillingsplan frå 2023. I andre helvta av den komande styreperioden er det ei særs viktig sak for det nye styret, og her er det viktig å finna gode løysingar som samsvarar best mogeleg med forskingsambisjonar, ynskje frå fagmiljøa og relevans for studentar, samfunn og arbeidsliv. I både denne og andre saker er det viktig at styrerepresentantane tenkjer på instituttet som heilskap, so at ikkje styret vert ein arena der representantane slåst for flest mogeleg ressursar til sitt eige fagmiljø.
 

Ansattside

Publisert 27. nov. 2020 09:43 - Sist endret 27. nov. 2020 09:43