Nynorskbloggen

Publisert 11. feb. 2019 11:53

Prof. Hans-Olav Enger heldt ei interessant førelesing om norske dialektar i historisk perspektiv, med nokon lytteøvingar til slutt.

Publisert 4. feb. 2019 18:53

I dag var den fyrste dagen på nynorskkurset vårt. Gruppa er stor og kjem frå mange forskjellige land, den største gruppa studentar frå Storbritannia, fleire frå Tsjekkia, eit par frå Tyskland og nokre frå meir eksotiske land som Island og Georgia. Nokre enkelte kjem frå større europeiske land, som for eksempel Frankrike, Polen og Ukraina.

Nynorskbloggen er ein blogg for studentar som tek emnet NORINT2115 Dialektar, nynorsk og språkhistorie for internasjonale studentar ved ILN, UiO. For å bli god i eit språk må ein både lytta, lesa, skriva og snakka språket og helst gjera dette i rikeleg mon. For at studentane på NORINT2115 skal bli gode i nynorsk må dei òg få høve til å bruka språket.