Periodisk emnerapport høsten 2015

LING1111

Materialet som denne rapporten bygger på er hentet fra en rapport om gjennomføringsfakta tatt ut fra Felles studieadministrativt system (FS), samt en elektronisk spørreundersøkelse sendt ut til studentene på emnet.

Statistikk hentet fra spørreundersøkelsen. Svarprosent: 60,98 %.

  • Karaktersnitt høsten 2015: C
  • Antall studenter høsten 2015: 40
    • Antall bestått: 30
    • Antall ikke møtt: 5
    • Antall stryk: 5

Periodisk emneevaluering for LING1111

1. Pensum

Pensum på LING1111 hausten 2015 var desse to bøkene:

 

Ashby, M. & J. Maidment 2005. Introducing Phonetic Science. (Cambridge Introductions to Language and Linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press. [222 s.]

Odden, D. 2013. Introducing Phonology. Second Edition. (Cambridge Introductions to Language and Linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press. [338 s.]

Desse bøkene avløyste Zsiga, E. C. 2013: The Sounds of Language. An Introduction to Phonetics and Phonology. Wiley-Blackwell [474 s.], som var pensum hausten 2013 og hausten 2014. Boka til Zsiga var ei god lærebok, men relativt vanskeleg. Fonetikkdelen var svært grundig, og gjekk lenger enn lærebøker flest i skildringa av anatomi, fysiologi og akustikk. Fonologidelen var òg krevjande, mellom anna fordi han inneheldt for mange teoretiske innfallsvinklar.

Bøkene til Ashby & Maidment og Odden fungerte betre enn boka til Zsiga. Dei dekkjer det ein må kunne krevje av kunnskap på dette nivået. Dei er meir elementære. Boka til Odden tek opp tradisjonell fonemteori og generativ fonologi – to teoriar studentar på dette nivået må kjenne og kunne bruke – og er såleis fokusert på færre teoriar enn boka til Zsiga. Fonologidelen av dette kurset er den mest krevjande delen av pensum.

Eg har tidlegare nytta fyrsteutgåva av læreboka til Odden, frå 2005. Andre utgåva frå 2013 er på fleire punkt betre.

Dei fleste lærebøkene som er tilgjengelege, er skrivne for kurs over eitt semester, slike kurs som vi hadde på grunnfagsstudiet og dei fyrste åra etter den såkalla “kvalitetsreforma”. No som vi har halvsemesterkurs i alle dei seks sentrale lingvistiske disiplinane – LING 1100 Semantikk og pragmatikk 1, LING1111 Fonetikk og fonologi 1 og LING1112 Morfologi og syntaks 1 – er det vanskeleg å finne gode lærebøker som er små nok til at dei fungerer bra.

2. Undervisning

Undervisninga gjekk over heile semesteret med totalt 36 undervisningstimar. All undervisning var vanlege førelesingar, dei fleste med powerpoint. Nokre timar brukte eg tavle og kritt i staden, i fyrste rekkje når eg heldt på med detaljert generativ fonologisk analyse.

Eit par studentar etterlyser meir powerpoint i fonologiundervisninga, men sjølv lurar eg på om eg brukar dette mediet meir enn eg burde. Eg brukar powerpoint fyrst og fremst for å kunne skrive mindre på tavla. Ikkje minst i fonologien går mange timar med til gjennomgang av omfattande datasamlingar. Dei står oftast i læreboka, men det er greitt å ha dei oppe på ein skjerm for å kunne peike og forklare. Etter førelesingane plar eg å leggje ut powerpointpresentasjonane på fronter. Det kan diskuterast kor nyttig dette er, for presentasjonane er ikkje – i motsetnad til det nokre studentar ser ut til å tru eller ønskje – resymé av pensum.

Ein student skriv at eg av og til burde ha vore betre førebudd. Sidan eg alltid er godt førebudd og har førelese i dette emnet i 40 år, må dette vere fordi vedkomande har trudd at eg skreiv på tavla fordi eg ikkje hadde hatt tid til å lage powerpointpresentasjon.

Det meste av undervisninga gjekk føre seg i Undervisningsrom 2 GS. Rommet er greitt, bortsett frå at den skjermen der ein viser powerpointpresentasjonen, dekkjer heile tavla. Det er med andre ord ikkje mogeleg å kombinere bruk og powerpoint med kritt og tavle. Dette er annleis i Auditorium 5 ES, der eg også hadde nokre timar. Forma på auditoriet gjer at tavla er mykje breiare enn skjermen.

Det var éi obligatorisk kvalifiseringsoppgåve, som handla om fonetikk. Det er mogeleg at kurset burde ha to eller endå fleire obligatoriske kvalifiseringsoppgåver, for å tvinge studentane til å arbeide meir med praktisk analyse. På slutten av kvart kapittel i boka til Odden er det praktiske øvingar i fonologisk analyse. Eg oppmoda studentane å arbeide med dei og levere resultatet inn til meg, slik at eg kunne kome med rettingar og merknader. Berre éin student nytta høvet til å gjere dette.

På dette kurset, der praktisk analyse står sentralt, kunne ein ønskje seg nokre ekstratimar, til dømes ein dobbelttime annakvar veke med praktiske øvingar med ein hjelpelærar. I rapporten frå emnneevalueringa går det fram at fleire studentar etterlyser “gruppeundervisning”, “mer øvingstimer og kake”, “gruppearbeid”, “transkripsjon” osb.

Diverre er det mange studentar som er redde for å stelle spørsmål i timane. Eg opplevde gong etter gong at studentar kom bort til meg i pausene og spurde meg om ting. Spørsmåla dei stelte, var gode og interessante, og eg bad dei ofte ta opp att spørsmålet etter at timen hadde byrja igjen, så alle kunne få med seg både spørsmålet deira og svaret mitt. Eg oppmodar studentar som les dette, om å ikkje vere redde for å spørje om ting. Dei fleste er lurare enn dei trur.

3. Eksamen

På slutten av semesteret var dei ein firetimars skuleeksamen, med oppgåver om tre emne: fonetikk, fonemisk analyse og generativ fonologisk analyse. Studentane skulle svare på éi fonetikkoppgåve, éi oppgåve i fonemisk analyse og den eine oppgåva i generativ fonologisk analyse.

Fonetikkoppgåvene var slik:

I Tabell 3 finn du dei fleste konsonantfonema i det vestafrikanske språket hausa. Svar på éi av desse tre fonetikkoppgåvene:  

1. Klassifisér fonema i Tabell 3 etter luftstraumsmekanisme, og forklar korleis desse luftstraumsmekanismane skil seg frå kvarandre. 

2. Klassifisér fonema i Tabell 3 etter artikulasjonsstad og namngje desse artikulasjons-stadene. 

3. Identifisér affrikatane og konsonantane med ein sekundær artikulasjon, og definér desse kursiverte termane.  

Oppgåvene i fonemanalyse var slik:

I Tabell 1 ser du ein del ord frå katalansk. Svar på ei av desse to oppgåvene: 

1. Finn ut kor mange fonem segmenta [p t k kː b bː d ɡ ɡː β ð ɣ] utgjer. Argumentér for analysen din. 

2. Finn ut kor mange fonem segmenta [l lː ɫ ʎ ʎː r ɾ] utgjer. Argumentér for analysen din. 

Og slik var oppgåva i generativ fonologisk analyse:

I Tabell 2 ser du infinitiv og presensformer av sju katalanske verb. Gjennomfør ein generativ fonologisk analyse av formene, på denne måten: 

Første steg. Analysér formene morfologisk, ved å identifisere stammer og suffiks. 

Andre steg. Når vi ser bort ifrå trykk, har fem av stammene har to variantar. Finn fram til den underliggjande representasjonen for kvar stamme. Argumentér for analysen din. Det kan vere nyttig å samanlikne formene i Tabell 2 med formene i Tabell 1. 

Tredje steg. Formulér ein eller fleire fonologiske reglar for å danne overflateformene. 

Eksamensforma fungerer bra. Av dei 40 studentane som hadde meldt seg på kurset, møtte 35 opp til eksamen, og 5 strauk. Gjennomsnittskarakteren var C.

I eksamensoppgåvene stod praktisk fonologisk analyse sentralt, og nokre studentar hadde større vanskar med dette enn ein kunne ønskje seg. Dei som strauk, såg ikkje ut til å ha lært seg kva ein fonologisk analyse er.

4. Gjev læringsutbytteformuleringane i emneskildringa ei god skildring av det studentane skal kunne etter avlagt eksamen?

Under overskrifta “Kva lærer du?” står det:

Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om fonetisk analyse av språklydar, med hovudvekt på artikulatorisk og akustisk analyse. Dei skal lære å bruke transkripsjonssystemet til The International Phonetic Association (IPA) og det akustiske analyseprogrammet PRAAT. Dei skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om fonologisk teori, og lære å bruke denne kunnskapen i fonologisk analyse. Det blir lagt vekt på praktisk dugleik i både fonetikk og fonologi.

Dette er ei god og adekvat framstelling.

Ein student skriv i emneevalueringa: “Kanskje kan foreleser også utdype hva det forventes at studentene skal kunne, siden emnesiden er veldig generell på det området.” Eg er usikker på kva som ligg i dette, sidan emnesida faktisk er veldig spesifikk, som teksten over viser. Pensumbøkene er ei elementær innføring i dei emna som er framheva i avsnittet “Kva lærer du?”, og både pensumbøkene og undervisninga handlar i stor grad om analyse som grunnlag for praktisk dugleik. Av gamal røynsle veit eg at nokre studentar ønskjer seg detaljerte opplysningar om kva dei treng eller ikkje treng å lære av det som står i pensumbøkene, men lærebøkene går i liten grad ut over det som ein treng å kunne for å oppnå ein toppkarakter. Når eg i timane får spørsmål om kva ein treng å lære seg, svarar eg alltid at pensum er minimumskravet, og det har eg tenkt å halde fram med.

5. Held emneskildringa mål?

Det er ingenting å seie på emneskildringa. LING1111 Fonetikk og fonologi 1 er ein sentral komponent i BA-studiet i lingvistikk.

Emnet er i relativt liten grad avhengig av kunnskap frå LING 1100 Semantikk og pragmatikk 1 og LING1112 Morfologi og syntaks 1. Den generative fonologiske analysen føreset nokre kunnskapar i morfologi, men ikkje store nok til at eg vil tilrå at studentane skal ta LING1112 Morfologi og syntaks 1 før LING1111 Fonetikk og fonologi 1. Dei som har teke EXFAC03-SPR Examen facultatum, språkvitskap, har den basisen som trengst.

Emneord: Emneevaluering Av Rolf Theil
Publisert 18. jan. 2016 14:07 - Sist endret 22. feb. 2018 17:33